Hopp til innhald

Fagstoff

DNA i cellekjernen

Arvestoffet vårt ligg som kodar langs fleire DNA-trådar i alle cellekjernane våre. Når desse DNA-trådane (kromosoma) er strekte ut, blir dei til saman cirka to meter lange, men når arvestoffet blir komprimert og pakka for å bli klar til celledeling, får alt plass på ein nålespiss.

Eit unikt kodespråk – felles for alt liv

I dette emnet får du studere korleis arvestoffet vårt er bygd opp, og korleis små forskjellar i DNA-koden gir ulike eigenskapar. Dette gir deg grunnlag for å forstå arv og evolusjon, og korleis genteknologi kan brukast.

DNA og genom

DNA er ei forkorting for "deoxyribonucleic acid", på norsk: deoksyribonukleinsyre. Heile arvematerialet – alt DNA-et til ein organisme, blir kalla organismen sitt genom. Det omfattar både gena og dei delane av DNA utan kjent funksjon. Alle kroppscellene i ein organisme har ein kopi av genomet som inneheld all informasjonen til å lage og halde ved like organismen gjennom heile livet.

46 kromosom. Mikroskopbilete.

I kvar menneskecelle er det 46 DNA-trådar som blir kalla kromosom. Kromosom, "fargekropp", har fått namnet sitt fordi DNA lett lar seg farge når preparat skal studerast i mikroskop.

To og to kromosom har anlegg for dei same eigenskapane. Det er derfor 23 par kromosom.

I kvart kromosompar er det eitt kromosom frå mor og eitt kromosom frå far. Du har altså fått akkurat like mykje arv frå begge foreldra dine.

Pakking av DNA-tråden

Vi veit at DNA-tråden er veldig tynn, og at han kan snurrast og pakkast svært tett. Det er likevel ufatteleg at 2 meter DNA kan få plass inne i ein så liten cellekjerne.

DNA trinnvis bretta ut frå kompakt kromosom til DNA-tråd. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanlikning av storleikar

I tabellen under aukar storleiken 10 gonger for kvar kolonne du flyttar til høgre.

  • Omtrent kor stor er cellekjernen som rommar 2 meter DNA?
  • Kor mange dyreceller er det plass til på 1 mm?
  • Kor stor er ein bakterie, eit virus, raude blodceller og eit ribosom? Kan du gjere om måleininga til millimeter?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2019

Læringsressursar

Arvestoffet