Oppgåve
Øvingsoppgåver – proteinsyntesen
For å løyse desse oppgåvene, må du bearbeide stoffet og kanskje hente inn ekstra opplysningar.
Lag ei liste over alle elementa (organellar, spesielle molekyl og strukturar) som deltek i prosessen for å få danna eit ferdig protein.
Dersom du har eit protein som er danna av 600 aminosyrer:
- Kor mange kodon (triplettar) skal til for å lage det proteinet?
Kor mange nitrogenbasar er det i genet som kodar for det proteinet?
Skildre proteinsyntesen:
- Lag ei skisse.
- Grei munnleg ut om kva som skjer i proteinsyntesen, anten for deg sjølv eller for nokon andre.
- Skriv ned steg for steg kva som skjer i proteinsyntesen.
Når du er ferdig, kan du repetere proteinsyntesen dersom du har gløymt noko.