Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Isoler ditt eiget DNA

Alle levande organismar har arvestoffet DNA i cellene sine. Viss du strekkjer ut DNA-et frå ei av cellene dine, vil det vere 2 meter langt, men berre 2 nanometer tjukt. I dette forsøket skal vi sørge for at DNA frå fleire celler klumpar seg saman, slik at du får sjå ditt eiget DNA.
Nærbilete av reagensrøyr med synleg kveil av kvit tråd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hensikt

Hensikta med dette forsøket er at du skal få sjå ditt eiget DNA og få erfaring med korleis du kan skilje ut og isolere DNA frå ein løysning med celler.

Framgangsmåte

  1. Overfør 3 matskeier metta saltløysning til eit glas.
  2. Ha saltvatnet i munnen mens du gurglar og tygg forsiktig på kinna i eit minutt.
  3. Spytt ut saltvatnet i eit reagensglas. Her skal det vere mange celler.
  4. Tilsett ei dråpe såpe i det du spytta ut, og rør forsiktig utan at det skummar. Cellene skal no bli øydelagde, slik at DNA-et kan komme ut i løysningen.
  5. Hold glaset på skrå når du forsiktig tilset isopropanol til toppen av løysningen. Sidan isopropanol er lettare enn vatn, vil han leggje seg over vassløysningen.
  6. Følg med kva som skjer i overgangen mellom isopropanol og vatn.
  7. Etter vel 2 minutt vil DNA-et begynne å klumpe seg, slik at det blir synleg.
  8. No kan du bruke ein trepinne, ein glas-stav eller liknande for å prøve å fiske opp DNA-et. Viss du rører med pinnen samstundes som du snurrar han motsett veg, kan du fange DNA-et som eit litt slimete nøste rundt glas-staven.
  9. Du kan presse vatnet ut av «DNA-nøstet» ved å rulle pinnen/glas-staven mot innsida av glaset.
  10. Prøv å trekke slintra med DNA av pinnen eller glas-staven og legg ho i eit lite eppendorfrøyr med ditt namn på. Der kan du oppbevare ditt eiget DNA.

Kva skjer under denne prosedyren?

For å isolere DNA-et må ein først øydelegge cellene, slik at DNA-et blir tilgjengeleg. Dette gjer vi ved å blande cellene med såpe. Såpa øydelegg cellemembranane, som består av feitt.

For å unngå at DNA-et blir øydelagt av enzym, må ein tilsetje eit enzym (proteaseløysning) som øydelegg proteina i cellene. Dette gjorde vi ikkje i dette forsøket.

Til slutt må ein skilje DNA-et frå alt det andre i cella, slik at ein sit igjen med ein løysning som berre inneheld DNA. Dette får vi til ved å tilsetje alkohol, til dømes isopropanol. Då samlar DNA-et seg i sjiktet mellom alkoholen og vassløysningen. Flokar av DNA-trådar blir synlege for auget. Dette DNA-et kan ein tørke eller løyse i ei eigna væske, også kalla ein buffer, som gjer det stabilt.

Dokumentasjon av forsøket

Små kvite klumpar i flate glasskåler. Foto.
  • Ta bilete under forsøket.
  • Kva ser du?
  • Har du lært noko om DNA?
  • Kan det du opplever gjennom forsøket vere med på å bekrefte noko du har lært om oppbygging av celler og DNA?

Kjelde

Bjønnes, B. og Fladeby, C. (u.å.) Isoler ditt eget DNA. Naturfag.no. Henta 23. mars 2023 fra https://www.naturfag.no/forsok/vis.html?tid=308172

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 23.03.2023

Læringsressursar

Arvestoffet