Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag vasspreparat for mikroskopering

For å få gode bilete av objekt i mikroskopet må du vere nøyaktig når du lagar preparatet.

Føremål

Du skal lære å lage gode preparat, slik at du får eit tydeleg bilete av objektet ditt.

Framgangsmåte

  1. Objektglas og dekkglas må vere heilt reine.
  2. Set ein drope vatn på objektglaset, og plasser det du skal sjå på, til dømes ein bit av eit hårstrå, i vassdropen.
  3. Set kanten av dekkglaset forsiktig mot objektglaset. Deretter legg du det langsamt ned på objektglaset. På denne måten får du pressa ut lufta, slik at du unngår luftbobler. Dekkglaset skal liggje tett inntil objektglaset og ikkje "segle" omkring på vassdropen. Sjå bilete 1.
  4. Dersom vatnet går ut over kanten på dekkglaset, må du fjerne det overflødige med eit filtrerpapir. Sjå bilete 2.
  5. Er det for lite vatn, skal du tilsetje ein liten drope ved kanten av dekkglaset. Vatnet trekkjer inn av seg sjølv. Viss du arbeider lenge med eit preparat, kan det hende du må tilsetje vatn fleire gonger. Sjå bilete 3.
  6. Viss du skal tilsetje til dømes jod eller eit fargestoff til preparatet, plasserer du ein drope ved kanten av dekkglaset og trekkjer han inn under dekkglaset ved å fjerne vatn frå motsett side ved hjelp av eit filtrerpapir. Sjå bilete 4.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Arvestoffet