Oppgåve
Høyr deg sjølv – Arvestoffet
Desse oppgåvene er tenkte til munnleg trening eller repetisjon, slik at du kan teste kva du har lært og forstått om arvestoffet. Oppgåvene krev ikkje mykje arbeid, då svara lett kan bli funne på fagsidene. Du finn også eit forslag til fasit etter oppgåvene.
- Kva er eit gen?
- Korleis styrer gena kva som skal skje i ei celle?
- Kva er det som avgjer eigenskapane til eit protein?
- Kor mange ulike protein har du i kroppen din?
- Kor mange ulike aminosyrer har du i kroppen din?
- Sjølv om alle cellene i ein organisme har dei same gena, så er ikkje cellene like. Forklar kvifor!
- Kva heiter nitrogenbasane i DNA-molekylet?
- Kva er eit kodon?
- Kva er eit nukleotid?
- Kor i cella skjer proteinsyntesen?
- For at ribosoma skal få tilgang til oppskrifta (den genetiske koden) på eit protein, må informasjonen på DNA-molekylet skrivast av på ein "huskelapp" og sendast ut til ribosoma. Kva heiter denne huskelappen?
- Kva heiter dei molekyla som finnast i cytoplasmaet og transporterer aminosyrer til ribosoma, kor proteinsyntesen går føre seg?
- Kva er forskjellen på DNA og RNA?
- Kva meinast med "Den genetiske koden"?
- Kva må skje med polypeptidkjeda for at det skal bli eit aktivt protein?