Naturfag (SF)
Arv og evolusjon
I dette emnet skal du få bli med på ei spennande reise innom celler, arvestoff, evolusjon og bioteknologi. Her kan du la deg fascinere av dei mikroskopiske bestanddelane som kontrollerer livsviktige prosessar og har svært stor betydning for liva våre.
Arvestoffet
Alle levande organismar er bygde opp av celler og stoff som er produserte og skilde ut av cellene. Sidan alle dine kroppsceller har same arvestoff, veit vi at kvar einaste lille cellekjerne inneheld oppskrifta på heile deg.