Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til filmen Radioactive

I Radioactive blir de kjende med vitskapskvinna Marie Curie. Saman med ektemannen Pierre Curie forandra ho vitskapen med oppdagingane sine innan radioaktivitet. Bli med på ei vitskapeleg reise frå slutten av 1800-talet og fram til moderne tid.
Ei kvinne i kjole heller væske frå ein stor metallbehaldar over i ein glaskolbe. Ved sida av ho står ein annan glaskolbe der kvit damp kjem ut. I bakgrunnen sit ein mann og les. Foto.

Før de ser filmen

Tankekart

Kva veit de om Marie Curie og radioaktivitet frå før? Lag eit tankekart for å systematisere det de veit frå før.

Radioaktivitet – sant eller usant?

Kva veit de om radioaktivitet? Ta stilling til påstandane – trur de dei er sanne eller usanne?

Til læraren

Les omtale av filmen på NDLA film.

Sjå filmen Radioactive (1 t 49 min)

Etter å ha sett filmen

  1. Lag ei tidslinje over Marie Curies liv og vitskapelege oppdagingar. Ta òg med andre vitskapelege oppdagingar og historiske hendingar frå same periode. Korleis heng dei vitskapelege oppdagingane saman med dei historiske hendingane?

  2. Gå til 1:08:11 i filmen. Korleis definerer Curie radioaktivitet for studentane? Samanlikn med korleis vi definerer omgrepet i dag.

  3. Curie oppdagar at reint uran gir frå seg mindre stråling enn uranmalm. Korleis forklarer ho det?

  4. Forklar korleis Curies syn på radioaktivitet forandrar seg i løpet av filmen.

  5. Diskuter korleis filmen viser positive og negative sider ved radioaktivitet.

  6. Samanlikn arbeidsforholda i laben til Curie med korleis de jobbar på laben på skulen din. Kva likskapar og forskjellar finn de?

  7. På kva måte tek filmen opp tema som

    • kvinnekamp

    • framandfrykt

Gå i djupna

Her finn de eit utval oppgåver som hjelper dykk å utforske ulike sider av temaa frå filmen på ulike måtar.

Intervju med Marie Curie

Til læraren

Ver merksam på at digitale tenester med innlogging kan samle inn persondata, og at dette krev databehandlaravtale.

Bruk NDLAs praterobot dersom han er tilgjengeleg for skulen din. De finn han ved å logge inn på Min NDLA.

Tenk at de får høve til å intervjue Marie Curie.

  1. Diskuter i klassen. Kva ville de spurt Marie Curie om, viss de fekk høve til det?

  2. Bruk NDLAs praterobot eller ei tilsvarande teneste. Gi tenesta beskjed om å svare som Marie Curie når de stiller spørsmål.

  3. Still spørsmåla de hadde planlagt, og still i tillegg spørsmål ut frå det roboten svarer. Ta vare på svara, og bruk kjelder til å kvalitetssikre det roboten har svart. Kva finn de ut?

Lag ein reklameplakat for radium

I ein lengre periode vart radioaktiv stråling rekna for å vere helsebringande. Radioaktive stoff vart tilsette i fleire produkt i håp om at den radioaktive strålinga skulle gi sunnare tenner, friskare hud og generelt betre helse.

Tysk reklameplakat med smilande kvinne med radioaktiv tannkrem. Illustrasjon.

Tenk dykk at de jobbar med reklame på same tid som Marie Curie levde. De har fått i oppdrag å lage ein reklameplakat for eit produkt som er tilsett radium.

Lag eit forslag til plakat for å auke salet av produktet. Få fram korleis eigenskapane til radium gir produktet ditt så gode eigenskapar at ein berre må kjøpe det!

Kjerneenergi og klimaendringar

Er kjerneenergi løysinga for å få ned utsleppa av klimagassar?

Få oversikt over fordelar og ulemper, og lag eit produkt der de legg fram det de har funne ut.

Lineærakseleratoren

Bruk av radioaktiv stråling til behandling av kreft blir teken opp i filmen, og vi får sjå den såkalla lineærakseleratoren i bruk. Han vart utvikla av nordmannen Rolf Widerøe og blir framleis brukt til behandling av kreft. Finn ut meir om korleis utviklinga av lineærakseleratoren gjekk føre seg, og korleis denne maskina fungerer.

Radioaktive mineral i Noreg

Bekblende (uraninitt) er eit svært radioaktivt mineral. Det var dette mineralet ekteparet Curie jobba med då dei gjorde oppdagingane sine. Faktisk fekk dei ein del av uraninitten sin frå Noreg, frå Auselmyra ved Tvedestrand.

Undersøk førekomsten av radioaktive mineral i Noreg. Samanlikn med andre land. Kan førekomsten i Noreg gi grunnlag for utvinning og bruk i framtidige kjernekraftverk? Er det i det heile noko vi ønsker?

Gullalderen til vitskapen?

Solvaykonferansen var ein konferanse der framtredande forskarar møttest for å diskutere uløyste problem i fysikk og kjemi. Gruppebiletet frå denne konferansen i 1927 har nesten blitt ikonisk fordi 17 av dei 29 deltakarane var eller kom til å bli nobelprisvinnarar. Ta ein kikk i namnelista – kor mange av namna har de høyrt ført?

Vel ein eller fleire av forskarane som de fordjupar dykk i.

  • Korleis jobba dei saman?

  • Korleis påverka dei kvarandre?

  • Kva fann dei ut?

Gruppebilete av mange alvorlege, pent kledde personar utanfor ein stor steinbygning. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Biografisk spelefilm om vitskapskvinna Marie Curie.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Anne Cathrine Andersson.
Sist fagleg oppdatert 28.10.2023

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar