Hopp til innhald

Fagstoff

Verdsbilete i endring

Mennesket har alltid prøvd å skape seg eit heilskapeleg verdsbilete, enten det er gjennom naturvitskap eller religion. Når nye oppdagingar, hypotesar og teoriar rokkar ved den etablerte «sanninga», har det til alle tider skapt strid.

Naturvitskap og vår forståing av verda

Modellar av universet og eit molekyl. Illustrasjon.

Tilgang på kunnskap har gjennom historia ført til at menneska stadig har endra sin måte å forstå verda på. Banebrytande oppdagingar som teleskopet, mikroskopet og boktrykkarkunsten har bidratt til at overtru gradvis blei erstatta av kunnskap. Då Galileo Galilei ga oss eit nytt verdsbilete der vi ikkje var i sentrum, og Darwin viste oss at alle artar har eit felles opphav, fekk mennesket eit nytt syn på seg sjølv og sin plass i naturen.

Tenk gjennom!

Kan vi seie at den nye kunnskapen førte til ei slags degradering av mennesket?
Gikk vi frå å vere toppen av Guds skaparverk, målet med evolusjonen og den ypparste skapning i sentrum av universet, til å bli ein av mange livsformer i eit utviklingstre – blant potensielt mange sivilisasjonar i universet?

Naturvitskapen sin metode

Teikningar som endrar seg gradvis frå enkle små organismar, via mange stadium til menneske. Animasjon.

Naturvitskapen sin metode går ut på å konstruere teoriar bygde på resultata av repeterbare eksperiment, målingar og observasjonar (Grøn, 2016). Resultat som peiker i same retning styrkar teorien, men det er ikkje mogleg å bevise ein vitskapeleg teori. Han kan berre motbevisast.

Til dømes er evolusjonsteorien bygd på ei enorm mengde kunnskap på mange område, og det er aldri funne noko som er uforeinleg med teorien (Wormnæss og Vistne, 1994).

Ærlegdom er eit absolutt krav i vitskapeleg arbeid. Forskarar må vere opne for kritikk og klare til å forsvare funna sine, ofte i heftige debattar som kan gå over fleire år. Det er viktig å forstå denne arbeidsmetoden for å forstå vitskapen (Bradal, 2012).

Motstykket til vitskapeleg arbeid er og politisk argumentasjon der skråsikre påstandar kan serverast utan bevisføring.

Motstand mot ny vit

Måten vi menneske forstår og forklarer verda rundt oss på, er prega av den kulturen, religionen, filosofien og vitskapelege teoriar som er aksepterte i samtida.

Copernicus var den første som oppdaga at sola var i sentrum, men han sørga for at dokumentasjonen ikkje blei publisert før sin død, og unngikk bråk. Galilei, som støtta Copernicus, blei betrakta som kjettar. Han måtte nekte for at sola var i sentrum for å berge livet, men kom aldri ut av husarresten som varte i 26 år. Andre blei avretta for påstandane sine som rokka ved den etablerte tru og lære.

Mann med skjegg og kropp forma som ein apekatt. Illustrasjon.

Charles Darwin blei både latterleggjort og kritisert for teoriane sine. Boka "Artenes opprinnelse" vekte veldig oppsikt då ho kom ut i 1859. Det var særleg ideen om at apar og menneske skulle vere i slekt som vekte harme, fordi han braut med skapingssoga. Samstundes var det fleire vitskapsfolk som likte ideane hans og kjempa for at evolusjonsteorien skulle bli akseptert.

Kan du førestille deg kva for motstand legen Semmelweis (1818–1865) møtte då han påstod at legestudentane bringa med seg smitte frå obduksjonane, og forlangte at dei skulle vaske hendene før dei kom inn på barselavdelinga?

Kampen om sanninga i nyare tid

Det finst mange døme på at ny vit har blitt og blir møtt med hard motstand i nyare tid også.

Jumping genes

Genetikaren Barbara McClintock (1902-1992) klarte å påvise at gen kunne flytte på seg (jumping genes), og at gen kunne skruast av og på. Ho blei møtt med skepsis og ignorert, sidan funna hennar rokka ved datida si oppfatning av at DNA-et vårt er statisk. Seinare, i 1983, fekk ho Nobelprisen i fysiologi og medisin for oppdaginga av Oppdagingane hennar la grunnlaget for , som gir oss stadig ny kunnskap om arvestoffet.

Den tause våren – Silent spring

Kvinneportrett. Foto.

Då den amerikanske biologen Rachel Carson i 1962 ga ut boka «Silent spring», blei boka ein bestseljar. Carson beskreiv den øydeleggande effekten av plantevernmiddel, blant anna DDT, som hopa seg opp i næringskjedene. Kjemikalieindustrien gjekk raskt til motangrep. Dei framstilte ho som ein hysterisk amatør som ikkje hadde greie på det ho skreiv om, og dømte boka som ein sentimental overreaksjon basert på utdaterte, romantiske og feminine førestillingar om naturen.

Men Carsons forsking let seg ikkje tilbakevise. Ho etablerte føre-var prinsippet, og snart måtte politikarar, bedrifter og folk flest ta stilling til miljøvern. Arbeidet hennar blei grunnlaget og inspirasjonen for ein heil generasjon av miljøvernarar, og ho blir rekna som den moderne miljøbeveginga si mor.

Diskuter

  • Kva for hendingar og oppdagingar gjennom historia har mennesket opplevd som så store at det har påverka vårt syn på verda, naturen og oss sjølve?
  • Kan det liggje andre interesser bak når det til dømes blir brukt store pengesummar på å skape tvil om tobakken sine skadeverknadar, om at Holocaust har funne stad, om at det har gått føre seg ein evolusjon, og om klimaendringane er eit reelt problem?

Nokon held på gamle teoriar

Jorda og universet

Jorda teikna som ei kule der menneska lever på innsida av overflata, mens måne, planetar og stjerner svevar i midten.

Det finst enda nokon som hevdar at jorda er flat, og at bilete av den runde jorda frå verdsrommet er falske. Andre held fast ved det ptolemeiske verdsbilete der jorda er i sentrum av universet, mens sola og planetane går i baner rundt jorda. Blant dei mange verdsbileta som har eksistert og blitt forkasta, finst holeverdteorien. Der går livet føre seg på innsida av ei hol kule med sol, måne, planetar og stjerner som svevar i holrommet.

Det finst også ein alternativ teori til Big Bang-teorien. Teorien, som blir kalla Steady State, går ut på at universet har sett nokså likt ut til alle tider. Idéen blei utvikla omkring 1948, men har ikkje så mange tilhengarar (Madsen, 2010).

Kreasjonisme

I Tyrkia er det vel 50 % som ikkje trur på evolusjonen, i Noreg cirka 20 % og på Island cirka 8 %. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kreasjonistane hevdar at universet, verda og alt liv er skapt av ei guddommeleg makt, og fornektar at det har skjedd ein evolusjon kor artane har utvikla seg frå eit felles opphav. Nokon trur at skapinga skjedde i løpet av seks dagar for cirka 6000 år sidan.

Det er skapingssoger i mange religionar, og trua på skaping (kreasjon) dominerte til midt på 1800-talet, før vitskapen om evolusjonen blei kjent. Kreasjonismen oppsto i USA som ein motreaksjon på Darwins evolusjonsteori. Han fekk mange tilhengarar blant konservative fundamentalistiske kristne, men er også utbreidd innan islam og jødedommen.

I seinare år har kreasjonistiske synspunkt fått ny støtte blant konservative kristne, blant anna under nemninga Intelligent Design. Som illustrasjonen viser, står kreasjonismen sterkast i Tyrkia, USA og Aust-Europa, men har også tilhengarar i fleire europeiske land. No vil ein av Noregs rikaste bruke 15 millionar på å få skoleungdom til å avvise evolusjonsteorien.

Les om på nrk.no om Einar Rasmussen som blar opp for å motbevise Darwin sin teori.

Klimafornektarar

Nokon meiner at klimaet blir dominert av naturlege variasjonar og styrt av sola. "Klimarealistane" kjemper for å motbevise at klimaendringane er menneskeskapte, til tross for grundig dokumentasjon og tunge bevis frå 500 av verda sine ledande klimaforskarar frå 65 land. Klimarealistane er ikkje samde med FNs klimapanel om at utslepp av CO2 endrar klimaet dramatisk (Bru, 2018).

Korleis vil du forklare at

  • jorda er rund?
  • det har gått føre seg ein evolusjon (utvikling av artar over tid)?

Kjelder

Bradal, R. (2012, 20. august). Naturvitenskapelige bevis. Henta frå https://www.dagsavisen.no/debatt/naturvitenskapelige-bevis-1.444877

Bru, T. (2018, 6. august). Klimarealistene tar feil. Henta frå
https://www.dagsavisen.no/debatt/klimarealistene-tar-feil-1.1182222

Grøn, Øyvind G. (2016, 30. september). Fysikkens teorier har begrenset gyldighet. Henta frå https://www.aftenposten.no/viten/i/wEqb1/--Fysikkens-teorier-har-begrenset-gyldighet

Hoffmann, T. (2015, 2. mars). Kreasjonisme på fremmarsj i Europa. Henta frå https://forskning.no/religion-evolusjon-overtro/kreasjonisme-pa-fremmarsj-i-europa/509505

Madsen, M. B. (2010, 4.november). Finnes konkurrenter til Big Bang-teorien?
Henta frå https://forskning.no/universet-spor-en-forsker/spor-en-forsker-finnes-konkurrenter-til-big-bang-teorien/820543

Wikipedia (2019, 30. juli). Kreasjonisme. Henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Kreasjonisme

Wormnæss, O. og Vistne, A. I. (1994). Vitenskapsteori – et møte med vitenskapsteoretikeren. Henta frå https://www.naturfag.no/binfil/download2.php?tid=1035844

Relatert innhald

Naturvitskap er ikkje berre kunnskap og teoriar, men og metodar som sikrar at forskinga er godt dokumentert og etterprøvbar.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar