Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

KI-verktøy i realfag

KI-verktøy som praterobotar og verktøy for å generere bilete kan vere nyttige i realfag, men det er ikkje alt dei kan klare. I denne aktiviteten skal de undersøke om det er mogleg å lage fagleg korrekt visuelt innhald som tabellar, illustrasjonar og figurar av realfaglege fenomen.
Anatomisk modell av noko som skal førestille eit menneskehjarte. Hjartet ligg utanpå ribbein med blodårer som snirklar seg innimellom knoklane. KI-illustrasjon.

KI i realfaga

I realfaga jobbar vi med fleire representasjonsformer: grafar, figurer, tabellar, illustrasjonar, reaksjonslikningar og matematiske skrivemåtar. Dette utfordrar modellane som ulike KI-verktøy baserer seg på. Likevel kan dei i visse situasjonar gi gode resultat.

Oppgåve

Med utgangspunkt i praterobotar og verktøy for å generere bilete er det relativt lett å produsere nokre tekstar og illustrasjonar med tekniske feil og unøyaktigheiter. I aktiviteten skal de vere feilsøkarar og finne feil, manglar og andre unøyaktigheiter i svaret frå slike verktøy. Som tillegg kan de komme med forslag til korleis leieteksten kan formulerast på nytt slik at de får betre svar.

  1. Test ut nokre av desse leietekstane i ein praterobot eller i eit bildegenereringsverktøy, og vurder svara de får.

    • List opp tre ulike måtar å skrive fotosynteselikninga på.

    • Lag eit forslag til ein usunn dagsmeny for ein skuleelev på vg1.

    • Lag ein tabell med verdiar som svarer til eksponentiell vekst.

    • Lag ein anatomisk korrekt figur av skjelettet til ein elg.

    • Lag ein figur som viser krinsløpet til karbonet.

  2. Forsøk å gjere små endringar på leietekstane. Klarer de å endre leietekstane slik at svara de får, blir meir fagleg korrekte?

  3. Samanlikn svara de får frå ulike praterobotar eller bildegenereringsverktøy. Får de dei same svara?

Lag eigne leietekstar

  1. Vel eit tema i naturfag eller biologi som de jobbar eller har jobba med.

  2. Vel ut eit konsept der de vil lage ein illustrasjon eller figur.

  3. Lag ein leietekst som de trur vil gi ønskt resultat.

  4. Vurder resultatet, og kom med forslag til korleis de kan forandre leieteksten for å få eit betre resultat.

Evaluering

Når de har jobba med oppgåvene, kan de presentere ei utvald oppgåve for resten av klassen eller mindre grupper.

Denne sida er ein omarbeidd versjon av ChatGPT's akilleshæl – Find fejlen oppdatert 14. november 2023.

Kjelde

Christiansen, P. (2023, 14. november). ChatGPT's akilleshæl – Find fejlen. Emu – Danmarks læringsportal. https://emu.dk/stx/matematik/det-digitale/chatgpts-akilleshael-find-fejlen?b=t6-t1093-t2677&ref=viden.ai

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Peter Christiansen ved Niels Brock Innovationsgymnasium og Thomas Bedin. Rettshavar: Centre for Undervisningsmidler (CFU) – en del af af Danmarks Professionshøjskoler
Sist fagleg oppdatert 02.05.2024

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar