Øvingsoppgåver – forsking - Naturfag (SF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øvingsoppgåver – forsking

Oppgåve 1

  1. Med ein meterstav måler vi lengda av ei hylle til 740 mm. I mange samanhengar er det vanleg å skrive måleresultatet på standardform, det vil seie som eit produkt av eit tal mellom 1 og 10 og ein potens med 10 som grunntal (tiarpotens). Skriv måleresultatet på standardform.
  2. Om ikkje anna er sagt, ligg feilmarginen i det siste sifferet. Kva er då den største og den minste verdien lengda kan ha?
  3. Skriv måleresultatet på standardform med feilmargin.

Oppgåve 2

  1. Når vi adderer eller subtraherer målte storleikar, skal vi ikkje ha med fleire desimalar i svaret enn det finst i leddet med færrast desimalar. Bruk denne rekneregelen når du adderer dei målte storleikane 3,05 m + 80 m + 0,729 m, og gi svaret med korrekt mengd gjeldande siffer.
  2. Når vi multipliserer eller dividerer målte storleikar, skal vi ikkje ha med fleire siffer i svaret enn det finst i talet som har færrast gjeldande siffer. Bruk denne rekneregelen og gi svaret på multiplikasjonen 3,05 m · 80 m · 0,729 m med ei korrekt mengd siffer.

Oppgåve 3

Dersom vi tek tida frå vi ser lynet til vi høyrer torebraket, kan vi finne ein tilnærma avstand til lynet eller torevêret på ein rask og enkel måte. Vi reknar med at lyden går med konstant fart lik 340 m/s.

  1. Kor langt unna er lynet når det tek 8,3 sekund frå vi ser lynet til vi høyrer torebraket?
  2. Korleis vil du føre opp svaret dersom feilmarginen skal liggje i siste siffer?
  3. Ein rask og enkel måte å finne avstanden til torevêret på er å telje, så godt det lèt seg gjere, eitt tal i sekundet, frå vi ser lynet til vi høyrer braket. Vi finn ein tilnærma verdi for avstanden i kilometer ved å dividere talet på sekund med 3. Vis at avstanden til lynet blir tilnærma lik x/3 km dersom lyden bruker x sekund.

Oppgåve 4

Vi måler diameteren på eit begerglas på to måtar. Anten kan vi bruke skuvelære med ein feilmargin på 0,1 mm, eller vi kan finne diameteren ved hjelp av sytråd som vi viklar nokre gonger rundt glaset. Her er ein del måleresultat for måling av diameteren med dei to metodane:

Skuvelære

Sytråd

29,2 mm

29,51 mm

29,1 mm

29,41 mm

29,4 mm

28,23 mm

29,4 mm

29,51 mm

29,3 mm

29,45 mm

  1. Korleis kan vi finne diameteren ved hjelp av sytråden?
  2. Kva kan det kome av at diameteren er ført opp med to desimalar når han er målt med sytråd, men berre med ein desimal når han er målt med skuvelære?
  3. Skriv opp dei korrekte måleresultata for begge metodane som ein gjennomsnittsverdi med feilmargin.

Oppgåve 5

Ein elev har notert temperaturen på heimstaden sin kvar dag i tida frå mai til august. Observasjonane går fram av diagrammet. Vurder observasjonsdata for heile perioden og prøv å avgjere om temperaturen har hatt ein aukande eller minkande tendens, eller om det er uråd å avgjere.

Oppgåve 6

På vekta står ein kolbe med saltsyre. Vi legg nokre sinkbitar oppi. Då får vi denne reaksjonen: Zn + 2 HCl → ZnCl2+ H2. Diagrammet viser observasjonsdata frå forsøket, altså korleis massen av kolben med innhald varierer med tida. Korfor minkar massen? Og korfor endar han på 24,7 g? 1 dm3 hydrogengass veg 0,089 g. Kor stort volum hydrogen er utvikla?

Oppgåve 7

På tivoli kan vi med ein såkalla «Spaceshot» bli skotne rett til vêrs langs eit høgt tårn, for deretter å falle fritt på delar av tilbaketuren. Den største farten vi kan få med «Spaceshot», er 20,0 m/s. Under ei oppskyting fann vi samanhengen nedanfor mellom fart og tid.

  1. Vurder observasjonsdata i tabellen og fortel korleis rørsla i «Spaceshot» gjekk føre seg.
  2. Lag ein graf med farten som funksjon av tida. Foreslå korleis grafen held fram etter at toppfarten er nådd.

Tid

Fart

0 s

0 m/s

0,2 s

0,9 m/s

0,4 s

2,1 m/s

0,6 s

3,2 m/s

0,8 s

4,7 m/s

1,0 s

6,4 m/s

1,2 s

8,4 m/s

1,4 s

10,7 m/s

1,6 s

13,8 m/s

1,8 s

20.0 m/s

Oppgåve 8

Formuler ein hypotese som fortel korleis ein ballong som sviv fritt inni ein bil, kjem til å flytte seg når bilen aukar farten, bremsar eller svingar. Test hypotesen neste gong du køyrer heim frå tivoli og har kjøpt ein ballong fylt med helium.

Skrive av Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 11.01.2019