Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde
Alle målingar er usikre. Det kan vere feil på måleapparatet, eller ein kan lese feil av. Slike feil kallar vi systematiske feil. I tillegg kjem den såkalla statistiske feilmarginen. Feilmarginar kjem av at vi ikkje greier å gjere målingane våre heilt nøyaktig likt frå gong til gong.
I dette forsøket skal du ta tida på ei kule som å triller ein gitt avstand, framstille resultatet grafisk og oppgi måleusikkerheit.
Når vi har mange målingar, kan vi angi feilmarginen på denne måten:
Gjennomsnittsverdien ± halve variasjonsbreidda
Gjennomsnittsverdien fortel oss kva som er sentrum i talmaterialet frå målingane. Variasjonsbreidda er skilnaden mellom det største og det minste talet, og fortel om korleis tala er spreidde. Halve variasjonsbreidda, i prosent av gjennomsnittstalet, kallar vi ofte den relative feilmarginen.
Få erfaring med måleusikkerheit og korleis du kan presentere den.
Gardinskjene, stålkule, stoppeklokke, geogebra, regneark eller millimeterpapir til grafisk framstilling
- Legg den eine enden av skjena på eit par bøker slik at kula trillar ned av seg sjølv på eit par sekund.
- Merk av start- og stoppunktet.
- Bruk stoppeklokke og ta tida for 50 trilleturar..
- Før tidene inn i ein tabell.
- Gjennomsnittsverdien er:
- Variasjonsbreidda er:
- Kula brukte denne tida:
- Den relative feilmarginen vart:
- Framstill resultata i eit stolpediagram. Del talområdet (variasjonsbreidda) inn i 5-10 intervall, og finn talet på målingar i kvart intervall. Alle intervalla må vere like store.
- Kor mange prosent var den relative uvissa?
Hadde du klart å måle tida nøye? - Korleis fordelte resultata seg i stolpediagrammet?
Relatert innhald
Når du skal måle noko, kan du bli usikker på om måleinstrument og metodar er gode nok, men det er mykje du kan gjere for å redusere måleusikkerheita.