Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag din eigen modell

Du er sikkert vand til å sjå og tolke modellar både i massemedia og i skulearbeid, men har du prøvd å lage eigne modellar? Modellar kan brukast til å lage ei forenkla oversikt og eit forståeleg bilete av ei komplisert verkelegheit, eller til å simulere og føreseie prosessar i naturen og i samfunnet.
Tre personer lager flere lag av modeller på en datamaskin. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein modell?

Landskap med piler som illustrerer karbonet si vandring. Illustrasjon.

Innan naturvitskapen blir omgrepet modell brukt både om skjematisering og matematiske modellar, som begge er forenklingar av verkelegheita.

Modellar kan lagast på veldig mange måtar. Dei kan vere både enkle og svært kompliserte, mellom anna som simuleringar, men dei er alltid ei forenkling av verkelegheita og har avgrensa gyldigheit.

Modellar kan mellom anna hjelpe oss til å få oversikt og handtere komplekse situasjonar og prosessar. Dei kan også vere til hjelp under planlegging, til å føresjå moglege hendingar og til å berekne forbruk i ein planlagt produksjon.

Bokser og sirkler med piler mellom.

Korleis lage eigne modellar?

Du kan lage modellar på mange måtar: dei kan lagast digitalt, ved å teikne skisser på papir, lage flytskjema og tankekart. Du kan også lage modellen som eit reknestykke eller byggje ein fysisk modell av ulike materiale.

Matematiske modellar er eit større reknestykke der ein har lagt inn verdiar for ulike hendingar. Slike kan du til dømes lage i eit rekneark, der du også har moglegheit for grafiske framstillingar av dataa dine.

Relatert innhald

Kart og simuleringar er eksempel på modellar som er forenklingar av verkelegheita. Modellane har avgrensa bruksområde og fortel berre delar av sanninga.

Simuleringar er interaktive modellar som forenklar kompliserte samanhengar. Dei blir brukte til spel, læring, forsking, prognosar og modellering.

Vel den metoden som du synest passar best for oppgåva. Kanskje finn du inspirasjon i nokre av døma i serien med bilete.

Arbeid gjerne to og to saman, viktigast er det at de i grupper vurderer styrkar og svakheiter ved modellane dykkar. Finn de noko som kan forenkle modellen eller som kan auke gyldigheita?

Oppgåve 1

Lag ei skjematisk framstilling – eit flytskjema som viser

  1. skulegangen/utdanninga di.
  2. skulesystemet i Noreg.

Oppgåve 2

Miljø
Lag ein modell – eit skjema eller skisse av ein prosess som viser

  1. utviklinga i eit naturområde når ei myr blir grøfta.
  2. utviklinga i eit naturområde når ein hogstmoden skog blir felt.
  3. ein modell av klimaendringar. Hugs å få med både faktorar som påverkar klimaet og moglege effektar.

Oppgåve 3

Livsløp

Kan du lage ei skjematisk framstilling av livsløpet til ei bomullsskjorte, ei plastflaske eller eit anna produkt du kjenner?

Oppgåve 4

Prosessar i yrke

  1. Lag eit flytskjema som gir ei forenkla oversikt over ein prosess som du utfører i ditt yrkesprogram.
  2. Lag ein modell av eit produkt du skal lage.
  3. Lag ein matematisk modell som viser forbruk av materiell eller økonomisk kostnad ved ein produksjon i ditt yrke. Du må velje metode, materiell, omfang og varigheit på produksjonen. Desse kan du endre seinare for å sjå korleis det påverkar kostnader og forbruk.

Oppgåve 5

Privat forbruk
Kan du lage ein matematisk modell som viser kor mykje pengar du kjem til å bruke kommande månad eller år?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar