Radioactive
Radioactive er ein biografisk film. Vi følgjer Marie Curie gjennom forskinga hennar, ekteskapet med Pierre Curie og oppdaginga av to nye grunnstoff, radium og plutonium.
Curie var den første kvinna som nokosinne fekk ein nobelpris i naturvitskap. Det var derimot ikkje berre positiv merksemd knytt til forskinga. Etter kvart som den mørke baksida til dei vitskaplege oppdagingane vart kjende, opplevde Curie òg motstand.
Filmen er regissert av Marjane Satrapi og hadde premiere i 2019. Han hausta god kritikk for den vakre kinematografien sin. Det er verdt å nemne at sjef-fotografen av filmen, Anthony Dod Mantle, tidlegare har vunne Oscar for kinematografien i filmen Slumdog Millionaire.
Filmen byggjer på den litterære biografien Radioactive: Marie & Pierre Curie: A Tale of Love and Fallout. Boka kom ut i 2010 og er skriven av forfattar Lauren Redniss.
Arbeidet og dei vitskaplege oppdagingane til Curie representerer på mange måtar eit dilemma. Har oppdagingane vore mest til nytte eller skade? Til medisinsk bruk kan det bidra til å redde liv. Når det blir brukt til krigføring og til å utvikle kjernefysiske våpen, fører det med seg enorm skade.
Filmen eignar seg godt som utgangspunkt for diskusjonar og refleksjonar rundt utviklinga og utbreiinga av atomvåpen, og bruken av atomenergi i møte med klimautfordringane i vår tid.
Relatert innhald
Vi følger vitskapskvinna Marie Curie gjennom forskinga hennar, ekteskapet med Pierre Curie og oppdaginga av to nye grunnstoff: radium og plutonium.