Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Tettleik og løyseevne til ulike stoff

Kvifor flyt nokre stoff oppå andre? Kva stoff er det mogleg å blande? Utforsk tettleiken og løyseevna til nokre vanlege stoff.
Tre reagensrøyr med løysningar i ulike fargar som blandar seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

De skal samanlikne tettleik og løyseevne for ulike stoff og prøve å forklare det de observerer.

Framgangsmåte og resultat

Fem reagensglas med farga løysningar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1 – bland alle stoffa

  1. Hell 1–2 ml av kvar av dei fem løysingane i kvart sitt reagensglas.
  2. Kva trur de skjer om de heller dei fire andre løysningane over i reagensglaset med flytande honning? Lag ein hypotese for kva som vil skje med væskene når de blandar dei saman.
  3. Hell like delar av kvar av dei fire andre løysningane over i reagensglaset med sirup. Kva observerer de?

Del 2 – alle stoffa i same reagensglas

  1. Hell eitt og eitt av stoffa forsiktig over i det same reagensglaset i denne rekkjefølgja:

    1. flytande honning
    2. oppvaskmiddel
    3. vatn
    4. matolje
    5. raudsprit
    Kva observerer de?
  2. Hald tommelen over opninga på reagensrøyret, og snu røyret opp ned eit par gonger. Kva observerer de?

Del 3 – berekn massetettleiken til stoffa

  1. Mål opp like volum av dei ulike stoffa.
  2. Veg kvar av løysningane på ei labvekt.
  3. Rekn ut tettleiken til stoffa i g/l eller mg/ml.

Konklusjon og diskusjon

  1. Stemmer resultatet de får ut av forsøket, med hypotesen de hadde i gruppa?
  2. Kan vi lage ein teori om kva som skjer når vi blandar løysningar med ulik tettleik? Skriv ned gruppa sin teori.
  3. Forklar resultata frå del 1 og del 2 med massetettleiken til stoffa.
  4. Kvifor blandar nokre stoff seg?

Spørsmål til diskusjon:

  • Kvifor legg feittet seg øvst som eit eige lag?
  • Kvifor er det nødvendig å bruke såpe ved vask av til dømes middagstallerkenar?
  • Kva restar etter «middagen» kan vaskast bort med berre vatn?
CC BY-SASkrive av Tove Wiig og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 08.01.2020

Læringsressursar

Forsking, metodar og modellar