Ved å observere folk som handlar, kan du lære mykje om handlemønster og korleis folk tenkjer.
Oppdrag
Du kan finne ut utruleg mykje om forbrukaråtferd berre ved å observere forbrukarar «in action». Svara du får, kan du bruke til å gjere kundeopplevinga endå betre.
Førebuing
- Gå saman to og to.
- Ring eller oppsøk ein butikk. Spør butikkleiaren eller nokon av dei tilsette om de kan få gjennomføre ei marknadsundersøking om forbrukaråtferd i butikken ved hjelp av observasjonsmetoden. Spør gjerne om det er spesielle spørsmål butikken kan tenkje seg å få svar på.
- Avtal med butikken når de kan gjennomføre undersøkinga.
- Lag sjølve undersøkinga, gjerne i form av eit avkryssingsskjema. Då blir det ikkje så mykje å skrive når de gjennomfører undersøkinga, og det blir lettare å analysere svara i etterkant. Analysen skal kunne vise konkrete resultat og eventuelle trendar.
Døme på kva de kan observere
- Har kundane ei fast «rute» når dei kjem inn i butikken?
- Tek dei på varene, og er det nokre varer kundane tek meir på enn andre?
- Blir kundane trekte mot salshyller/salsreolar?
- Blir dei trekte mot ei spesiell utstilling?
- Ser det ut som dei er opptekne av pris?
- Er det nokre fargar som tiltrekkjer kundane meir enn andre?
- Prøver kundane varene?
- Er det forskjellar mellom aldersgrupper?
Gjennomføring
- Prøv å gjere dykk sjølve litt usynlege når de observerer, slik at ikkje kundane opplever det som ubehageleg.
- Sjå på korleis kundane oppfører seg i butikken, og kryss av i skjemaet/undersøkinga.
Sluttføring
- Analyser resultata når de kjem tilbake i klasserommet.
- Lag ei oppsummering av det de finn, og sjå om de kan finne forbetringspunkt.
- Send gjerne oppsummeringa til butikken.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020