Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om Maslows behovspyramide?

Kvifor er det viktig for ein marknadsførar å kjenne til Maslows teori om behovspyramiden? Klikk deg gjennom pyramiden under for å få ein litt annleis repetisjon.

Les om Maslows behovspyramide i den interaktive pyramiden og fagartikkelen under, og svar deretter på oppgåvene.
Tilrådd verktøy: Padlet

Fagartikkel om Maslows behovspyramide

  1. Individuelt: Kva forstår du med Maslows behovspyramide? Skriv dei viktigaste punkta i padleten din. Viss du treng meir teori om modellen og korleis vi kan nytte han, kan du også søkje på internett. Gode søkjeord: Maslows behovspyramide, behov, marknadsføring og behov, sjølvrealisering.
  2. Individuelt: No som du kjenner til Maslows behovspyramide, vel deg eit av dei siste produkta du kjøpte (det kan vere ei vare eller ei teneste). Forklar kva som motiverte deg til å kjøpe akkurat dette produktet. Kor i pyramiden var du? Kva utløyste dette behovet hos deg? Kva behov løyste kjøpet for deg? Noter i padleten din.
  3. Individuelt: Lag ein salspitch til medelevane dine om kvifor du meiner det er naudsynt for ein som skal drive med sal og marknadsføring å kjenne til Maslows behovspyramide. Vel presentasjonsform sjølv.
  4. Konkurranse: Kven hadde den beste pitchen? Lag ei uformell avstemming.
  5. I grupper og i klassa: Bruk svara dykkar frå oppgåve 1 og 2 og diskuter i grupper på 3–4 elevar. Bli einige om likskapstrekk frå svara dykkar, og lag eit felles gruppesvar som de vil presentere for dei andre gruppene. Diskuter dei forskjellige svara og bli einige om ei felles forståing av emnet. Vinnaren av salspitchen tek notat og deler ein felles padlet om Maslows behovspyramide med heile klassa.
Ressursar om salspitch

Video om pitching fra NRK

Fagartikkel med videoar om pitching.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2019

Læringsressursar

Forbrukaråtferd