Hopp til innhald

Fagstoff

Forbrukartypar

Ingen er vi like, heller ikkje som forbrukarar. Somme liker å spare, andre handlar mykje på impuls. For oss som jobbar med sal og marknadsføring, er det viktig å kjenne til ulike forbrukartypar, for då blir det lettare å skreddarsy bodskapen. Kva type forbrukar er du?
Ei gruppe smilande menneske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis du bruker pengar i kvardagen, har mykje å seie for økonomien din. Dårlege pengevanar kan hindre deg i å leve det livet du drøymer om. Dersom du ønskjer ein kvardag med stabil og ryddig økonomi, færre økonomiske bekymringar og meir pengar til overs, bør du tenkje over kva type forbruker du er. Kanskje du òg bør endre litt på måten du bruker pengar på?

Fire forbrukartypar

Det finst mange skildringar av ulike forbrukartypar. Her følgjer ei skildring av dei fire forbrukartypane som selskapet Helomvending definerer som dei vanlegaste. Somme vil kanskje kjenne seg godt att i ein av desse, mens andre kan kjenne seg att i fleire.

Type 1: gjerrigknarken

Gjerrigknarken er ganske ekstrem når det gjeld pengebruk; han eller ho bruker nesten ikkje pengar i det heile. Dette er typen som bruker toalettpapiret på begge sider og tovar ull og strikkar genser av hybelkaninane. Ein gjerrigknark kjem gjerne i ekstase av å høyre ordet «gratis», og er villig til å bruke mykje tid og energi på å skaffe seg ei vare gratis eller til sterkt redusert pris. Gjerrigknarken er kreativ, løysingsorientert og innsatsvillig. Som gjerrigknark vil ein alltid klare seg, uansett om inntekta er låg, fordi ein er så ekstremt fokusert på å spare pengar.

Råd til deg som er ein gjerrigknark

Er du ein gjerrigknark, kan du fint unne deg litt meir luksus og tillate deg å sløse litt ein gong iblant. Hugs at du ikkje kan ta med deg noko til den andre sida den dagen livet tek slutt. Det å vere skikkeleg gjerrig er relativt tidkrevjande. Du kan vere tent med å vie litt meir av tida di til inntektsgivande arbeid framfor å bruke så mykje tid og energi på å kutte kostnader til eit minimum. På den måten vil du òg få moglegheit til å delta meir i det sosiale livet om du ønskjer det.

Type 2: den nøkterne

Den nøkterne er fornuftig med pengar og balanserer fint mellom å vere sparsam og samtidig raus når det gjeld. Den nøkterne er i stand til å leve her og no, men har som regel òg ein god spareplan for framtida. Den nøkterne er typen som alltid betaler rekningane i tide og har god oversikt over kva ting kostar. Den nøkterne har lett for å tilpasse seg nye situasjonar og er ikkje redd for å ta i eit tak. På grunn av omstillingsevna vil den nøkterne alltid klare seg bra uansett inntekt.

Råd til deg som er nøktern

Sjølv om du allereie er svært bevisst på pengebruken din, er det mest sannsynleg rom for forbetringar. Du har god evne til omstilling. Dermed vil du òg lett tilpasse deg ei høgare inntekt ved å auke forbruket tilsvarande, noko som kan hindre deg i å spare opp ein potensielt stor buffer. Klarer du å halde på ein nøysam livsstil sjølv når inntekta aukar eller bonusen slår til, og samtidig plassere sparepengane der dei gir best mogleg avkasting, vil den økonomiske framtida di sjå lys ut.

Type 3: sløsaren

Sløsaren er ein person som stort sett lever frå hand til munn utan å setje til side stort for framtida. Det å vere blakk før neste løn har blitt ein godt innarbeidd vane. Sløsaren har lett for å kjøpe seg fri, er ikkje kostnadsbevisst og slurvar generelt mykje med eigen økonomi. Sløsaren taper mykje pengar kvar veke ved ikkje å vere klar over kva ting kostar. Dessutan kostar det ein formue å flotte seg med siste mote, dyre merkevarer, hytte, luksusbil eller båt. Ein sløsar er ofte ein omgjengeleg, raus og veldig sosial person, som er livredd for å gå glipp av noko. Sløsaren vil aller helst vere med på alt og har vanskeleg for å seie nei. Derfor blir det sjeldan pengar til overs til sparing og investering.

Råd til deg som er ein sløsar

Dersom du er ein sløsar, må du lære deg å seie nei oftare. Skal pengane strekkje til, må du prioritere betre. Du kan sannsynlegvis spare mykje pengar på å innarbeide betre vanar og rutinar i det daglege. Du bør òg ta eit val med omsyn til kva du er villig til å forsake. Du vil ikkje miste gode venner sjølv om du ikkje har den finaste bilen eller dei dyraste kleda. Du må minne deg sjølv på at livet ikkje berre er fest og moro. Vi må yte før vi kan nyte, om ikkje kan det gå veldig gale med økonomien.

Type 4: den uansvarlege

Den uansvarlege er direkte uvørden med pengane sine og har eit altfor stort forbruk i forhold til inntekta. For den uansvarlege er det berre eit tidsspørsmål før hus, heim og gode relasjonar står på spel. Den uansvarlege lever ofte i fornekting og er til dels likegyldig og handlingslamma. Den uansvarlege har lett for å utsetje ting fordi oppgåvene kjennest uoverkommelege, og han eller ho er ute av stand til å setje ting i system eller sjå at små endringar nyttar. Den uansvarlege har ofte ei «alt eller ingenting»-haldning og synest det kan vere vanskeleg å halde seg på ein gyllen middelveg.

Råd til deg som er uansvarleg

Kjenner du deg att i skildringa av den uansvarlege, burde du ta grep med ein gong dersom varsellampene har byrja å blinke. Du bør uansett lære deg meir om privatøkonomi og jobbe for å få eit meir bevisst forhold til kva pengane dine faktisk går til. Du er òg nøydd til å gå nokre rundar med deg sjølv og finne ut kva som verkeleg betyr noko for deg. I tillegg er det viktig at du tek tak i eventuelle personlege utfordringar som kan liggje til grunn for pengeproblema dine. Om du får kontroll på økonomien, vil du kunne oppleve at mange andre ting i livet òg fell på plass. Hugs på at dei små tinga faktisk tel!

CC BY-SASkrive av Henriette W. Quanvik og Beate Willumsen. Rettshavar: Helomvending.no
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Forbrukaråtferd