Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ekte og autentisk – det er det vi vil ha!

Ein ny trend viser at dagens forbrukarar jaktar på og vil ha det autentiske. Kva vil det seie, eigentleg?
Turistar skodar utover Geirangerfjorden frå Ørnesvingen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Euromonitor har kartlagt forbrukartrendane i 2019, og kartlegginga viser at forbrukarar i dag søkjer det ekte og . I desse oppgåvene ser vi nærare på kva dette eigentleg vil seie.

Oppgåve 1 – i klassa

Diskuter kva det vil seie å søkje det ekte og autentiske. Kvifor trur de dette er ein trend blant dagens forbrukarar?

Oppgåve 2 – i små grupper

  • Gå saman i små grupper og ta med dykk mobiltelefonen på tur i nærmiljøet.
  • Ta bilete av ting de synest er ekte og autentiske på heimstaden dykkar. Det kan vere mat, kultur, natur eller andre ting. Etterpå skal de lage ein fotoreportasje/kollasj som får fram det autentiske i nærmiljøet.

Oppgåve 3 – i klassa

  • Når de er tilbake i klassa, kan de saman velje ut dei beste bileta. Deretter set de dei saman til ein kollasj som marknadsfører heimstaden dykkar.
  • Ta gjerne med eit bilete av klassa dykkar òg, og send kollasjen som vedlegg på ei melding til NDLA sal, service og reiseliv på Facebook.
  • Vi legg kollasjen ut i biletalbumet på Facebook-sida vår. Slik får vi ein presentasjon av alle flotte stader i Noreg som har flinke elevar på sal, service og reiseliv!

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020

Læringsressursar

Forbrukaråtferd