Analyse av forbrukartrendar - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Analyse av forbrukartrendar

Kva behov vil forbrukarane ha framover? Kva produkt vil vere ettertrakta og populære? Som marknadsfører må du følgje med på dette. Det gjeld å liggje i framkant av trendane, slik at du er sikker på at du marknadsfører og sel det forbrukarane vil ha.

Euromonitor Internationals

Dagens forbrukarar er klokare og meir sjølvmedvitne enn før. Dei er òg meir utolmodige, kresne og selektive. Samtidig er forbrukarar i dag opptekne av miljø, berekraft og dyrevelferd. I tillegg søkjer dei det og unike. Dette er hovudpunkta i Euromonitor Internationals presentasjon av dei ti viktigaste forbrukartrendane for 2019 (Retailmagasinet, 2019).

Dei ti viktigaste forbrukartrendane

1. Vi blir klokare.
Vi er vi alle ekspertar! Dette markerer ei endring i maktfordelinga mellom detaljist og forbruker. Mens forbrukarane tidlegare stolte på eit spesielt merke eller ei informasjonskjelde før dei bestemde seg, må merket – og detaljisten – i dag drive ein konstant innovasjon, dra prisane ned og stadig fornye seg i måten dei utviklar og tilbyr varene sine på. Grunnen er at forbrukarane blir sine eigne ekspertar ved å samle og dele informasjon på nettet, slik at dei har meir kunnskap og stiller heilt andre krav enn før.
2. Vi blir meir sjølvforsynte.
Ved hjelp av appar og skreddarsydde tenester blir vi meir sjølvforsynte. Vi skaffar oss nok informasjon til å klare oss sjølve og blir meir kresne og selektive i valet av varer og tenester.
3. Vi vil ha det no!
Vi vil ha ting gjort og få ønska våre oppfylte og behova våre dekte med ein gong.
4. Vi søkjer det autentiske.
Vi søkjer «back to basics», til det ekte og autentiske, og forlanger tilpassa og differensierte varer og tenester. Vi stiller òg høge krav til kvaliteten på det unike og handlaga.
5. Vi vil forandre verda.
Vi blir stadig meir opptekne av å bidra til ei betre verd, spesielt når det gjeld forbruk, forsøpling og forureining. Det vi opplever og kjøper, skal forureine minst mogleg, og særleg plastforsøpling blir ei viktig sak for stadig fleire.
6. Vi vil vere omtenksame.
Vi vil vere meir omtenksame og etisk medvitne. Det som før blei vurdert som etiske spesialprodukt, blir no vanlegare i alle samanhengar. Dyrevelferd påverkar handlemønsteret vårt i stadig større grad.
7. Vi blir meir selektive.
Vi blir meir opptekne av kva vi skal bruke tida vår til, og meir selektive når det gjeld kva aktivitetar vi skal bruke ressursar på. Dette gjeld særleg dei unge. Dei ønskjer meir tid til å reflektere og ha fridom til å gjere kva dei vil. Internett kan føre til høgare stressnivå, ikkje minst fordi vi blir meir og meir avhengige av å få nødvendig informasjon og få utført basale tenester.
8. Vi er meir saman digitalt.
Utviklinga av mobile breibandstenester gjer at vi i større grad enn før søkjer selskap med andre menneske digitalt.
9. Vi har aldri vore meir åleine.
Globalt vil talet på singel-hushald i verda auke langt meir enn andre buformer. Stadig fleire føretrekkjer ein uavhengig livsstil med «loner living».
10. Vi er alderslause.
Dei som nærmar seg pensjonsalderen i dag, har meir til felles med yngre menneske når det gjeld verdiar og prioriteringar, enn det som var vanleg tidlegare. Dette må ein ta omsyn til når ein utviklar og marknadsfører produkt og tenester.

Om vi skal samanfatte forbrukartrendane for 2019 i to ord, er det kunnskap og moglegheiter. Vi har tallause moglegheiter, og den største utfordringa er rett og slett kva vi skal velje. Bedriftene må derfor hjelpe forbrukarane til å navigere i moglegheitene dei har, og gi dei gode kjøpsopplevingar.

Kjennskap til trendane i samfunnet

Kjennskap til trendane i samfunnet – og spesielt i eigen bransje – er ein viktig kompetanse når ein skal drive marknadsføring og produktutvikling.

Kvart år blir det gjort store internasjonale undersøkingar om og i forbrukarmarknaden. Mange av desse undersøkjer trendar, det vil seie at dei undersøkjer kva som er populært og ettertrakta, og kva som mest sannsynleg kjem til å bli det i tida framover. Dette er viktig informasjon bedrifter må jobbe med for å sikre seg at dei kan levere det forbrukarane vil ha i framtida.

Kva typar produkt og tenester står i fare for å forsvinne? Korleis påverkar trendane forbrukaråtferda? Dette kan du lese meir om i artikkelen Faktorar som påverkar kjøpsåtferd, som du finn lenkje til nedanfor.

Relatert innhald

Kjelde

Retailmagasinet, redaksjonen. (2019, 20. februar). Forbrukertrender: Vi blir klokere og mer kresne. Retailmagasinet. Henta frå: https://retailmagasinet.no/euromonitor-forbrukertrender/forbrukertrender-vi-blir-klokere-og-mer-kresne/427856


Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2019