Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vi er alle ekspertar!

Når du vurderer å kjøpe eit produkt, bruker du då internett til å sjekke tilrådingar og erfaringar? Deler du sjølv erfaringane dine i sosiale medium eller andre forum? Undersøkingar viser at dagens forbrukarar blir sine eigne ekspertar ved å samle og dele kunnskap og erfaringar på nettet.
Kvinne som sit framfor ein berbar pc. Den eine handa er på tastaturet, mens den andre held eit kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Euromonitor har i ei undersøking kartlagt dei ti viktigaste forbrukartrendane i 2022. Ifølgje denne undersøkinga blir vi forbrukarar stadig klokare, og vi er alle ekspertar. Vi stoler på varepraten oss forbrukarar imellom – faktisk meir enn vi stoler på nettsidene til bedriftene. Ei anna undersøking frå 2018 viser at heile 86 prosent av forbrukarane les minst ti omtalar frå andre før dei bestemmer seg for å kjøpe eit produkt. [1]

Dei ti viktigaste forbrukartrendane i 2022 frå blog.euromonitor.

Førebuing

Opprett ein padlet.

Prøv ein padlet?

Registrer deg som brukar på padlet.com

Oppgåve

I denne oppgåva skal du innhente informasjon om eit produkt og presentere informasjonen i ein padlet.

Del 1:

Trend: Vi blir klokare – vi er alle ekspertar!

  • Vel deg ut eit produkt (til dømes eit hotell, ein restaurant eller ei pulsklokke).
  • Gå til nettsida for produktet, og finn informasjon om produktet.
  • Opne padleten din, og lim inn informasjonen.
  • Google deretter "erfaringar med [produktet du har valt]", og vel deg ut nokre kundeomtalar.
  • Lim desse inn i det same dokumentet. Er det mange ulike meiningar? Kva blir mest kommentert?
  • Tenk etter: Ville du kjøpt produktet basert på omtalane?

Del 2:

Trend: Vi vil ha det no!

  • Hald fram i den same padleten og med det same produktet som du valde i del 1.
  • Gå tilbake til nettsida for produktet. Kva betalingsløysingar tilbyr bedrifta? Lim informasjonen inn i padleten.
  • Lag ei oversikt over dei ulike betalingsløysingane, med rentesatsar, i padleten. Kva har det å seie for kundane at bedrifta tilbyr ulike betalingsløysingar?
  • Diskuter fordelar og ulemper med ulike betalingsløysingar i klassa, og bli samde om kva som er dei dei viktigaste fordelane og ulempene. Desse legg de inn i padletane dykkar.

Refleksjon i klassa

Når alle har gjort oppgåvene, kan de gå gjennom padletane dykkar saman. Diskuter funna dykkar. Kva har informasjonen de har funne, å seie for dykk som forbrukarar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020

Læringsressursar

Forbrukaråtferd