Ansvarleg forbrukar? - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Ansvarleg forbrukar?

Vi veit at vi må ta vare på ressursane i verda for framtida. Men har du tenkt på korleis du som forbrukar kan hjelpe til med dette?

Filmar om forbruk

Sjå først episode 4 "Forbruk" i programmet Live redder verden – litt og klippet Elise undersøker miljø. Gjer deretter oppgåvene under.

Live redder verden – litt (29 min)

I denne episoden oppsøker Live menneske som på ulike måtar gjer ein innsats for å redusere sitt eige og andre sitt forbruk. Bli med på shoppestopp og bytedag, og lær korleis ein kan sy om klede eller lage høgtalarsko!

Elise undersøker miljø (4:26)

I klippet nedanfor gir Radical Broccoli-søstrene Susanne og Anette Bastviken klimatips til Elise Alexandra Gulbrandsen.

Video: VG / Avgrensa bruksrett

Oppgåver om forbruk

Oppgåve 1. Individuelt

Kva tenker du etter å ha sett episoden frå Live redder verden – litt og og klippet med Radical Broccoli-søstrene? Opprett eit dokument som du kallar "Forbrukaråtferd". Der skriv du ned dei første tankane du gjer deg om forbruk, og kva ein ansvarleg forbrukar er.

Oppgåve 2. I klassen

Diskuter tankane dykkar i klassen. Har de nokon refleksjonar som er felles?

Oppgåve 3. Individuelt

Korleis vil du beskrive deg sjølv som forbrukar? Noter nokre nøkkelord.

Oppgåve 4. I klassen

Diskuter om det er noko de har lyst til å forandre i forbrukaråtferda dykkar etter å ha sett episoden om forbruk. Diskuter òg kva kvar enkelt av dykk sjølve kan gjere for at vi skal oppnå eit berekraftig forbruk.

Oppgåve 5. I grupper på to eller tre

Lag ei tidslinje over korleis de trur forbrukaråtferda vil utvikle seg frå vår tid og fram til 2050. Del gjerne tidslinja inn i 5-årsintervall, til dømes 2015–2020–2025 og så vidare. Bruk fantasien og informasjon de finn på nettet. Legg gjerne til bilete og videoar i tidslinja dykkar. Kva trur de vil prege forbrukaråtferda i framtida?

Verktøy for å opprette ei tidslinje

Slik kan du opprette ei tidslinje ved hjelp av Smartart.

Oppgåve 6. I klassen

Alle gruppene presenter tidslinja si for klassen. Finn de likskapar? Diskuter ulikskapane.

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2019