Verkar forbrukarmakt? - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Verkar forbrukarmakt?

Som forbrukarar kan vi velje å kjøpe dei varene og tenestene som er mest miljøvennlege og rettferdige. Viss mange gjer det same, vil produsentane tilby meir av denne typen varer. Dette blir kalla forbrukarmakt.

Oppgåver

  1. Finn døme på kampanjar der forbrukarmakt truleg har verka, og kampanjar der forbrukarmakt ikkje har vore særlag vellukka.
  2. Kva trur de skal til for at forbrukarmakt skal kunne verke?
  3. Finst det saker som du er villig til å bruke forbrukarmakta di på?
  4. Argumentet under er henta frå eit lesarinnlegg om forbrukarmakt på NRK.no. Kva trur de forfattaren har meint med denne utsegna?

    Forbrukere er som hunder eller maur. De kunne tatt over verden om de hadde organisert seg, men de gjør det ikke.

  5. Kommunar og fylkeskommunar kjøper mange varer og tenester. Finn ut kva de har ansvaret for, og sett opp forslag til korleis dei kan bruke makta si som forbrukarar.

Relatert innhald

Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2019