Sentrumshandel? - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Sentrumshandel?

Mange små byar og tettstader slit med å få folk til å handle i sentrum. Ofte er dette eit resultat av at store kjedebutikkar etablerer seg i kjøpesenter utanfor sentrum. Kva skal til for å trekkje folk tilbake til sentrum?

Dette er ei stor utfordring for mange småbyar. Kva skal til for å lokke folk tilbake til sentrum og gjere det til ein levande by igjen?

Oppgåve

  • Jobb i grupper på 3–4 elevar.
  • Lag ei undersøking retta mot forbrukarar i alle aldersgrupper.
  • Prøv å få svar på kva som skal til for å få fleire til å bruke sentrum.
  • Analyser svara og skriv ein liten rapport.
  • Diskuter funna dykkar i klassa.
  • Kva skilnader er det mellom aldersgruppene?
  • Er det nokre fellestrekk?
  • Kanskje de vil lage ein liten notis av resultata og sende han til lokalavisa?
Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2020