Hopp til innhald

Fagstoff

Kven er forbrukaren?

Alle vi som kjøper eller leiger produkt til privat forbruk, er forbrukarar.
Auka inntekter har gitt oss stor kjøpekraft og bidreg til vekst for verksemder. Vi er globale forbrukarar som handlar stadig meir i nettbutikkar frå heile verda. Men er trenden i ferd med å snu?



Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbrukarsamfunnet

Vi lever i dag i eit forbrukarsamfunn der vi har økonomi til å kjøpe mykje meir enn tidlegare. Vi har tilgang til å kjøpe varer og tenester døgnet rundt – og det gjer vi! Vi eig stadig fleire ting, berre tenk på kva du sjølv eig. Vi kjøper gjerne ting med ein gong vi har lyst på noko, og ofte sjølv om vi ikkje treng det.

Dette fører til at det mykje som nesten ikkje blir brukt før vi kvittar oss med det igjen. Kor mange treningsapparat trur du blir kjøpte i januar og som ligg på finn.no i mars? Eller kor mange juicemaskiner som blir prøvde eit par gonger før dei blir stappa inst i skåpet? Vi handlar klede som aldri før, både fordi klede er ganske rimeleg, men også fordi vi føler at vi stadig må fornye oss. Mange byter mobiltelefonar så fort nye modellar kjem på marknaden. Ikkje fordi vi treng det, men fordi vi kan.

Forbrukaren 2019

Ei stor marknadsundersøking utført av SmarterCX.com by Oracle identifiserte sju punkt som karakteriserer forbrukarar i dag:

  1. Vi bestemmer, det er forbrukarane sin marknad. Vi undersøkjer og utforskar og deler erfaringar på nett.
  2. Vi er alltid logga på internett, 24 timer i døgnet sju dagar i veka, og vi er avhengige av mobiltelefonane våre.
  3. Vi forventar personleg service, sjølv på nett, og det må vere enkelt.
  4. Vi samanliknar og samanliknar og samanliknar. Vi sjekkar produkt i fleire kanalar, og heimesida til produktet eller merket er den siste kanalen som vi sjekkar.
  5. Vi stoler meir på kvarandre enn på det dei store merka seier sjølv.
  6. Vi tenkjer “Eg vil ha det no!”, og forventar at vi får det.
  7. Vi har mange meiningar og deler både meiningar og erfaringar villig i fleire kanalar.

Tenk etter

Kjenner du deg igjen i eitt eller fleire av desse punkta?

Informasjon er i dag lett tilgjengeleg på internett. Med eit par tastetrykk kan vi finne informasjon om pris, kvalitet og verdikjeda til produktet. Delingskulturen gjer det vanskeleg for verksemder å styre informasjonsflyten. Vi stoler ofte meir på kundeomtaler enn informasjonen frå verksemda. Til dømes gir Tripadvisor meir truverdige omtaler og bilete av reiselivsprodukt enn nettsidene til hotella eller destinasjonane.

Ser vi ein ny trend i forbrukarsamfunnet?

Korleis påverkar klima- og miljødebatten oss? Fleire har vorte opptekne av gjenbruk, og delingskulturen veks raskt. Til dømes har hotella fått konkurranse frå Airbnb, og vi kan kjøpe klimakompenserte fly- og pakkereiser.
Les meir om det i Dagbladet sin artikkel "Lokker med "miljøvennlig"sydenferie"..

Nettstader og appar som driv med bruktsal, utleige og abonnementsordningar, aukar i omfang. Døme på populære nettstader og appar er finn.no, fjong.no, tise.no, letgo.com, swancyapp.com, appen UseMy, bilkollektivet.no og toogoodtogo.no.

Omgrep

Forbrukar er ein person som kjøper, leiger og bruker produkt til privat forbruk.

Forbrukaråtferd er alt vi gjer i samband med å kjøpe, bruke og kvitte oss med produkt.

Forbrukarsamfunn er ei nemning på eit samfunn med eit unødvendig høgt forbruk.

Verdikjeda er alle ledd produkt går gjennom frå produsent til forbrukar.

Delingskultur betyr at vi deler produkt som bilar, hytter og hus.

Kjelde

Hausler, S. (2017, 27. september). 7 Characteristics of the Modern Customer. Henta frå https://smartercx.com/7-characteristics-modern-customer/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.11.2019

Læringsressursar

Forbrukaråtferd