Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Standardisering

Kva meiner vi med standardisering, og kvifor er det viktig?
Skrue og mutter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Standard Noreg

Gå inn på nettsida til Standard Noreg, nettsida til Standard Noreg, standard.no, og finn ut følgjande:

  1. Kva er ein standard?
  2. Kva fordelar kan ei bedrift oppnå ved å bruke ein standard?
  3. Kva inneber det at eit produkt er CE-merkt?
  4. ISO 9000 er ei samling av fleire standardar, også omtalt som ISO 9000-familien. Når ei verksemd skal sertifisere kvalitetsleiingssystemet sitt, skjer dette etter krava i ISO 9001. Kva oppnår ein ifølgje Standard Noreg med eit kvalitetsleiingssystem?

Oppgåve 2

FNs berekraftsmål

Standardar er ifølgje Standard Noreg eit nyttige verktøy for å nå FNs berekraftsmål. Dei har derfor laga ei oversikt over seksten standardar som kan bidra til å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskapar og stoppe klimaendringane innan 2030.

Kva heiter desse seksten standardane? Sju av desse standardane kan brukast av alle typar organisasjonar – kva er dei sju?

Oppgåve 3

Gå inn på nettsida til STAND – Standardiseringsutvalet for norsk daglegvarebransje, nettsida til STAND – Standardiseringsutvalet for norsk daglegvarebransje, stand.no, og finn ut følgjande:

  1. Her blir omgrepa D-pak og F-pak brukte. Finn ut kva dette står for.
  2. STAND nemner nokre føresetnader for å kunne måle, utveksle og evaluere servicegrad-data. Kva er disse føresetnadene?
  3. STAND beskriv seks ulike måltal. Kva er dei? Det er tilrådd å prioritere tre av desse. Kva tre er det?

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2020

Læringsressursar

Kvalitet og servicenivå