Oppgåve
Kundeopplevingar
Kva er ei god kundeoppleving? Og korleis vil du forklare desse fagomgrepa?
Individuelt: Forklar omgrepa under med eigne ord.
- observasjon
- kundeoppleving
- respons
- mystery shopper
- meirsal
- NPS – net promoter score
I par: Diskuter forklaringane dykkar, og bli samde om ei felles forklaring.
Du kjøper middag på ein restaurant. Servitøren er hyggjeleg og yter god service, men når maten kjem, viser det seg at biffen er så seig at du har problem med å ete han. Kva som skjer no, vil vere avgjerande for korleis du vil omtale restaurantbesøket til andre, og for om du vil oppsøkje denne staden fleire gonger.
Korleis kan restauranten handtere denne situasjonen for at du skal sitje att med ei god kundeoppleving? Føreslå tre alternativ.
- I par: Diskuter og skriv ned felles løysingsforslag.
- I klassa: Diskuter forslaga, og bli samde om kva tiltak som gir den beste kundeopplevinga.