Hopp til innhald
Oppgåve

Mystery shopper

Oppgåva til ein mystery shopper er å «leike kunde», mens den eigentlege rolla er å vere på oppdrag for butikken for å teste servicenivået.

Gruppeoppgåve

I denne oppgåva skal du jobbe saman med ei gruppe eller heile klassa. Vel ein butikk der de går inn som «mystery shoppers» og undersøkjer servicen og kundeopplevinga.

  1. Bestem kriteria for undersøkinga. Kva skal de observere og spørje om når de er i butikken? Lag gjerne eit skjema som de kan fylle inn i.
  2. Besøk butikken to om gongen, og observer utan at beteninga veit noko.
  3. Lag eit system for å systematisere dataa dykkar og registrere kva de finn ut.
  4. Presenter funna dykkar. Her kan de gjerne bruke diagram i Excel.