Hopp til innhald

Fagstoff

Vektaren som servicemedarbeidar

Har du tenkt over kor viktig god service er i vektaryrket? I nokre situasjonar samarbeider vaktselskap med offentlege instansar som politiet og hjelper til i arbeidet deira. Å vere vektar er likevel først og fremst eit serviceyrke.
Ein uniformert kvinneleg vektar på ein kontorplass ser smilande inn i kameraet. Foto.

Enkelte verdiar er felles for alle servicefag. Lojalitet mot bedrifta, god oppfølging av kunden og ærlegdom er døme på verdiar som blir høgt verdsette i serviceyrke.

Kundane og brukarane av vaktselskapet skal vere trygge på at sikkerheita deira blir teken hand om. Dei skal òg vere sikre på at vektarar ikkje misbruker det ansvaret selskapet har fått. Ikkje berre skal dei vite at arbeidet blir utført, men også at teieplikta blir halden. Mellom anna skal rutinane til bedrifta ikkje vidareformidlast til uvedkommande. Teieplikta gjeld òg det vektarar ser og høyrer på jobb.

Tryggingsselskap er avhengige av eit godt omdømme for å skape langvarige relasjonar og for å skape nye kundekontaktar. Ein svært viktig del av omdømmet er korleis vektarar ter seg på jobb. Å vere positiv og vennleg i samhandling med kollegaer, kundar og brukarar skaper tillit.

Serviceinnstillinga til ein vektar er med andre ord ein stor del av yrkesutøvinga. Som i dei fleste andre serviceyrke er høflegdom, vennlegdom og påliteleg framferd nokre av dei viktigaste eigenskapane ein vektar kan ha.

Nedst på sida finn du ein artikkel frå nrk.no som handlar om å vere dørvakt under koronarestriksjonar. Den eine dørvakta fortel at ho er glad ho har jobberfaring frå barnehage. Kva tenkjer du det seier om servicedelen av jobben?




Tenk over

Vektarar møter ofte menneske i sårbare situasjonar.
Korleis ville du handtert situasjonane nedanfor?

  • Ein eldre person blir vald til tilfeldig stikkprøve i sikkerheitskontrollen på ein flyplass.
  • Ein ung person har blitt teken i butikktjuveri.
  • Ein rusa person må bortvisast frå ein stad.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020

Læringsressursar

Servicerolla og omdømme