Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utøvinga av servicerolla som vektar

I denne oppgåva skal du reflektere over og utforske utøvinga av servicerolla som vektar, og korleis dette kan påverke omdømmet til vaktselskapet.
Uniformert kvinneleg vektar med refleksvest og synleg ID-skilt. Ser halvt smilande ut over ein kai med fleire båtar i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Beskriv kva som kjenneteiknar servicerolla til ein vektar.

  2. Gi døme på kva vektarar kan gjere som vil bidra til å skape eit godt omdømme for vaktselskapet.

  3. Gi døme på åtferd til ein vektar som kan bidra til å skape eit dårleg omdømme for vaktselskapet.

Oppgåve 2

  1. Sjå videoen nedanfor, og legg spesielt merke til kva som blir beskrive som viktig i utøvinga av servicerolla som vektar. Reflekter òg over korleis måten vektaren utøver servicerolla på, påverkar omdømmet til vaktselskapet City Security og Furuset senter.

  1. I filmen seier vektaren Mhamed Naoum at vektarjobben er veldig sosial. Utdjup kva han meiner med det, og gi konkrete døme.

  2. I filmen seier vektaren: "Eg synest respekt er det beste middelet til å løyse problem". Utdjup kva han meiner med det, og gi konkrete døme.

Oppgåve 3

Drøft kvifor prinsippa som er beskrivne nedanfor, er viktige å overhalde for ein vektar:

  • Nulltoleranse: Ein vektar skal aldri ta eller ta imot noko frå kunden eller frå publikum. Ein vektar kan altså ikkje ta imot gratis gåver, anten det er noko så lite som ein reklamepenn eller noko å drikke.

  • Ein vektar har uniformsplikt. Synleg personleg tilbehøyr som smykkar, skjerf eller liknande er ikkje tillate. Vektaren skal berre bruke godkjende sko og eventuelle godkjende hovudplagg.

  • Når uniforma er på, er vektaren på jobb, og ein vektar skal derfor ikkje utføre personlege ærend iført uniform.

Oppgåve 4

Sjå videoen nedanfor før du svarer på spørsmåla.

Kort samandrag av videoen

Ein rusa mann kjem gåande mot ein vektar og mistar ein ølboks i bakken. Vektaren ser overraska på mannen og seier: "Går det bra, eller, kompis?" Mannen svarer: "Veit du kva, det skal du drite i, trur eg." Mannen verkar forvirra, og vektaren tek mannen vennleg på armen og seier: "Eg trur kanskje du skal heim og slappe av litt, eg." Den rusa mannen hissar seg opp, kastar seg så ned på bakken og roper: "Vold, vald! Skal eg ringe advokaten min, eller? Hæ? No er du ferdig!"

  1. Kva synest du om måten vektaren utøver rolla si på i denne situasjonen?

  2. Kva ville du ha gjort vidare om du var vektaren?

Oppgåve 5

  1. Kva konsekvensar kan det få dersom ein vektar ikkje greier å utøve servicerolla på ein formålstenleg måte?

  2. Sjå videoen nedanfor, med Herman Flesvig i rolla som vektar.

Kort samandrag av videoen

I denne humoristiske videoen følger vi Herman Flesvig som speler rolla som vektar på Nasjonalmuseet. Oppgåvene hans er å opne døra til museet og følge med på skjermane som overvaker dei besøkande. Men vektaren tek rolla si litt lenger, ved å ta i bruk kampsportferdigheitane sine og eit elektrosjokk-halsband på dei besøkande.

Korleis kan aktlaus og upassande utøving av vektarrolla, slik vi såg i filmen, påverke omdømmet til vaktselskapet og til Nasjonalmuseet – Arkitektur?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Servicerolla og omdømme