Forventningar til servicemedarbeidarar
Som servicemedarbeidar er du ansiktet til bedrifta utetter, ein representant for bedrifta di. Førsteinntrykket du gir, vil påverke oppfatninga folk har av bedrifta.
Tenk over
Kva forventningar trur du kundar, oppdragsgivarar og samfunnet har til tilsette i servicestillingar innan sikkerheit og administrasjon?
Å opptre profesjonelt og å vere serviceinnstilt er ein del av forventningane til ein administrasjonsmedarbeidar. Det er òg viktig at du er ærleg og påliteleg, sidan du til dømes kan få innsikt i sensitiv informasjon.
I videoen nedanfor fortel Julie Moberg Andersen om arbeidskvardagen sin på Odfjell Drilling, og ho viser mellom anna fram ein makuleringsstasjon som kan brukast for å makulere sensitiv dokumentasjon.
Tenk over
Kva eigenskapar tenker du det er viktig at ein vektar har?
Sjå for deg ein situasjon der ein butikktilsett varslar om at ei mindreårig jente har stole varer i butikken. Korleis forventar du at vektaren skal opptre i denne situasjonen?
I filmen nedanfor følger vi den behjelpelege vektaren Mhamed Naoum gjennom ein vanleg arbeidsdag på Furuset Senter i Oslo. Ein av dei tilsette på kjøpesenteret fortel at Mhamed blir kalla altmoglegmannen. Det er han dei ringer om alt frå ein ungdom som lagar bråk, til ei lyspære som må skiftast.
Forventningane til arbeidsoppgåvene som Mhamed skal kunne utføre, er meir omfattande enn det mange kanskje knyter til vektaryrket. Men som vektar er du ein servicemedarbeidar, og det kan gi svært varierte arbeidsoppgåver.
Det er mellom anna at forventa du som servicemedarbeidar innan sikkerheit og administrasjon skal
opptre profesjonelt
vere serviceinnstilt
vere korrekt kledd
vise fagkompetanse
følge stillingsinstruksar
følge etiske retningslinjer
tilpasse deg ulike forventningar i ulike situasjonar
I serviceproduksjonen bruker du som servicemedarbeidar både kompetansen din og dei personlege eigenskapane dine. Som servicemedarbeidar bør du vere
blid
hyggeleg
ærleg
påliteleg
empatisk
høfleg
imøtekommande
Tenk over
Kva vil det seie å vere empatisk?
Korleis kan du som servicemedarbeidar vise empati?
I videoen Kunsten med kundeservice kan du sjå døme på korleis kundeservice kan tilpassast ulike brukarar, og korleis det i nokre samanhengar kan vere fint å bruke humor.
Tenk over
Korleis skal du klare å innfri alle forventningane som blir stilte til deg som servicemedarbeidar?
Alt er lettare om du er frisk og utkvilt. Sørg for å få nok søvn og kanskje ein god frukost før du går på jobb. God inn i ein jobbmodus der du prøver å ha fullt fokus på oppgåvene dine. Legg bort mobiltelefonen og tankar som kan distrahere deg.
Leiinga må sørge for godt samarbeid og ei fornuftig arbeidsdeling. Dette inneber mellom anna å ha gode arbeids- og stillingsinstruksar, slik at alle veit kva dei skal gjere. Alle må jobbe mot felles mål og følge etiske retningslinjer.
Å ha det godt på jobb og kjenne tilhøyrsel i fellesskapen er kjempeviktig. Eit viktig leiaransvar er dermed òg å ha fokus på at dei tilsette har det bra på jobb. Ein god bedriftskultur skaper motiverte og lojale medarbeidarar. Dette igjen bidreg til at tilsette har betre føresetnader for å kunne møte forventningar frå kundar, oppdragsgivarar og samfunnet på ein god måte.