Hopp til innhald
Oppgåve

Praksisbedrifta og servicerolla

Dei fleste bedrifter har retningslinjer for korleis servicerolla skal utøvast. Retningslinjene kan vere skriftlege eller ein praktisk tradisjon av "slik gjer vi det her hos oss". I oppgåva skal du utforske kva retningslinjer som gjeld i praksisbedrifta di.
Video: Terranova Media / CC BY-NC-SA 4.0

I videoen fortel Katarina Lalander Hamnes, som er spesialist på service, om bedrifter som etter hennar meining har lykkast med å gi god kundeservice. Du skal i oppgåva utforske korleis praksisbedrifta di utøver kundeservice.

Oppgåve

  1. Sjå videoen, og noter kva som det blir sagt er god kundeservice.

  2. Undersøk i praksisbedrifta om dei har skriftlege retningslinjer for god kundeservice.

  3. Observer korleis tilsette i praksisbedrifta utøver servicerolla.

  4. Samanlikn punkta dine under spørsmål 1 med det du fann ut i spørsmål 2 og 3.

  5. Lag ditt eige forslag til retningslinjer for god service, og foreslå tiltak for kva ei bedrift kan gjere for å forbetre kompetansen om, og utøvinga av, service blant dei tilsette.

Tips til lærar

Oppgåva passar fint som ein del av loggen elevane skriv frå praksisen, eller som ei individuell skriftleg innlevering.