Hopp til innhald
Oppgåve

God service?

I denne oppgåva skal du reflektere over kva som kjenneteiknar god service og rolla til servicemedarbeidaren.

Oppgåver

  1. Kva meiner du kjenneteiknar god service?

  2. Ta utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ei anna bedrift du har god kjennskap til. Drøft rolla til servicemedarbeidaren og kva personalet har å seie for serviceopplevinga.

  3. Det finst ulike typar av service. Gjer greie for dei ulike typane, og vis gjerne til døme på dei ulike typane av service med utgangspunkt i praksisbedrifta di eller ei anna bedrift du har god kjennskap til.

  4. Kvifor er service så viktig, trur du? Grunngi svaret.

  5. Har du nokon gong opplevd dårleg service? Kva skjedde?
    Det blir sagt at det skal ti gode serviceopplevingar til for å vege opp for éi dårleg. Kva tenkjer du om det?

  6. Drøft påstanden: "Servicemedarbeidarar er den viktigaste ressursen i bedrifter."

Relatert innhald

Fagstoff
Ulike typar service

Det finst ulike typar service. Vi kan skilje mellom materiellservice, systemservice, personleg service og sjølvservice.