Reklamekampanje for å redusere økologisk fotavtrykk
Søk: Finn definisjonar av økologisk fotavtrykk. Fullfør setninga: «Eit økologisk fotavtrykk er …»
Ta testen! Finn ut kva som bidreg mest til ditt økologiske fotavtrykk, ved å svare på spørsmål om forbruket ditt av varer og tenester i testen «Sjå ditt fotavtrykk» på footprint.ducky.eco.
Tenk: Kva faktorar påverkar det økologiske fotavtrykket ditt mest? Lag eit tankekart.
Par: Vis tankekartet ditt til ein annan. Finn likskapar og forskjellar.
Del: Diskuter i klassen. Korleis kan vi redusere dei økologiske fotavtrykka våre?
Relevante spørsmål å diskutere
Kvifor må du oppgi den samla hushaldsinntekta, trur du?
Undersøk kva som ligg i kategorien «Offentleg».
På kva område har du eit høgare forbruk enn gjennomsnittet?
På kva område vil det monne mest at du reduserer?
Å reise med fly bidreg til 0,28 kg CO2-ekvivalentar per kilometer per passasjer per år. Finn ut kvar du kan fly om heile forbruket ditt bestod av å reise med fly.
Klassen har fått i oppdrag av ducky.eco å lage ein reklamekampanje for tenesta deira som registrerer økologisk fotavtrykk. Det overordna føremålet er få folk til å redusere sitt eige økologiske fotavtrykk.
Definer målgrupper.
Bruk idémyldring for å få fram poeng eller historier som skal vere gjennomgåande i kampanjen.
Mogleg avgrensing
Vel ut eitt eller to tiltak som bidreg til å redusere utslepp. Formuler mål som er både realistiske og konkrete. Kva historier eller poeng kan fengje mottakarane?
Vurder ulike kanalar, reklameuttrykk og format de skal lage. Ein kampanje kan bestå av filmar laga for TV og i ulike kanalar på nettet, i tillegg til innhald til sosiale medium, annonsar og banner for å nemne noko.
Lag ein felles kampanjeplan i eit fellesdokument. Tips til kampanjeplan: Kampanjeplan for lansering av produkt.
Bli samde om ein stilart de legg til grunn, med gjennomgåande fargar og skrifttypar. Bli òg samde om de skal ha bilete, karakterar, objekt eller andre element som skal gå att i medieuttrykka.
Fordel arbeidet i mindre grupper.
Køyr produksjon.
Sørg for at alle reklameuttrykka er publiseringsklare når de leverer.
Vurder reklameuttrykka de har laga, og diskuter – i grupper eller i klassen – i kva grad de har lykkast med
å definere målgrupper
å skape ei tydeleg rammeforteljing og tydelege poeng
å lage ein estetisk heilskapleg kampanje
å få mottakarane til å registrere og redusere sitt eige økologiske fotavtrykk
Relatert innhald
Idébank er ein kreativ metode som er god for deg som blir friare når du slepp å seie idéane høgt, men heller kan skrive dei ned anonymt.