Oppgave
Lag kampanjeplan for tannpleieprodukt
Lag ein kampanjeplan for lanseringa av ein ny serie tannpleieprodukt.
Finn eit bilete av eitt eller fleire tannpleieprodukt på nettet, og bruk dette som produktet de skal lansere.
Bruk punkta nedanfor i arbeidet med kampanjeplanen.
- Produkt: beskriving av kva for produkt du skal lage kampanje for
- Målgrupper: beskriving av kva for målgrupper kampanjen rettar seg mot
- Kampanjemål: beskriving av målsetjing for kampanjen
- Kommunikasjonsbodskap: beskriving av kva for bodskap som skal brukast for å nå fram til målgruppene
- Kommunikasjonskanalar: beskriving av kanalar (medium) som målgruppene kan nåast gjennom
- Aktivitetsplan: beskriving av kva for aktivitetar som skal setjast i verk for å nå måla, samt tidsplan og budsjett for kvar aktivitet
Relatert innhald
Fagstoff
Kampanjeplan for lansering av produktEi rettleiing i korleis du lagar ein kampanjeplan for å lansere eit produkt.