Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag ein noregsreklame!

Lag ein noregsreklame som du tilpassar ei sjølvvald målgruppe. Du kan velje om du vil lage reklamen digitalt eller på papir.

Oppgåve

  • Jobb i par eller sjølvstendig.
  • Vel ei målgruppe å rette reklamen mot, til dømes amerikanske familiar eller asiatiske ungdommar.
  • Undersøk på nettet kva denne målgruppa meiner om Noreg som destinasjon, og kva dei ønsker å oppleve på ein noregsferie. Kva er viktig for denne gruppa ved val av ferie?
  • Undersøk òg kva som kjenneteiknar målgruppa, og "skreddarsy" reklamen ut frå det.
  • Lag ein noregsreklame tilpassa målgruppa. Vel om du/de vil lage reklamen digitalt eller på papir.
  • Framfør reklamen for klassa, og fortel om målgruppa og kva ønske og behov dei har.
  • Avslutt gjerne med ein liten konkurranse om den finaste og mest gjennomtenkte reklamen.

Lykke til!

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2022

Læringsressursar

Produksjon av marknadskommunikasjon