Korleis velje kommunikasjonskanal?
Når du skal velje kommunikasjonskanal, må du vurdere kva eigenskapar kanalane har for å overføre ein bodskap til ei gitt målgruppe.
Distribusjonseigenskapar
Distribusjonseigenskapar seier noko om evna kanalen har til å nå ei målgruppe. Det er viktig å kjenne til dekningsdataa til kanalen, altså kor mange som får bodskapen. Det er òg viktig å kjenne til strukturdataa til kanalen, det vil seie kven som får bodskapen.
Kor mange sjekkar Instagram på kveldstid? Kven er dei?
Kor mange ser morgonsendingane til TV 2 på direkte-TV? Kven er dei?
Presentasjonseigenskapar
Presentasjonseigenskapar viser til evna kanalen har til å presentere bodskapen. Det kan vere teknisk kvalitet, moglegheit for video, bilete, lyd og plassering og tidspunkt.
Instagram viser best bilete og korte videosnuttar.
Reklamefilmar før kinofilmar eignar seg til å vise forteljingar og bruke lyd og estetiske biletsekvensar.
Reaksjonseigenskapar
Reaksjonseigenskapar er evna kommunikasjonskanalen har til å framkalle reaksjonar. Kva reaksjonar vil du oppnå med marknadskommunikasjonen?
Salsplakatar i butikkar kan bidra til høgare sal av bestemte varer.
Kule eller morosame annonsar eller influensarinnlegg i sosiale medium kan få likes, kommentarar og delingar.
Tenk over
Kva eigenskapar har sosiale medium samanlikna med trykte aviser?
Kva moglegheiter og avgrensingar har desse to kanalane når det gjeld målgruppene «ungdom» og «arbeidssøkjande»?
I filmen under fortel Kaja, som er dagleg leiar ved mathallen Vippa, korleis dei nyttar ulike kommunikasjonskanalar i marknadskommunikasjonen sin.
Du må velje ein kombinasjon av kanalar som sikrar at du når målgruppa. I kva kanalar, på kva tidspunkt og i kva situasjonar er personane du ønskjer å nå? Det er vanleg å bruke ulike medium i marknadskommunikasjonen. Sosiale medium og TV er dei viktigaste kanalane, men aviser og radio kan òg vere relevante medium for å spreie bodskapar. Det er òg mogleg å bruke reklameplakatar i butikkar eller utandørs. Skal du lykkast, må valet av kommunikasjonskanalar og distribusjonstidspunkt vere nøye gjennomtenkt.
Tenk over
Bruk omgrepa distribusjonseigenskapar, presentasjonseigenskapar og reaksjonseigenskapar for å vurdere ein kombinasjon av kommunikasjonskanalar til lanseringa av ein ny sportsdrikk for vaksne kvinner (mødrer).
Vi ønskjer å velje den kommunikasjonskanalen som mest effektivt formidlar bodskapen til målgruppa vår. Med mest effektivt meiner vi den som gir best mogleg måloppnåing til lågast mogleg kostnad. Annonseringutgiftene må stå i forhold til kor mange personar bodskapen nådde.
Prisen varierer mellom kommunikasjonskanalane – å annonsere på førstesida i ei riksdekkjande avis er kostbart, men til gjengjeld treffer du truleg mange potensielle kjøparar. Å dele eit innlegg på Facebook utan å betale noko ekstra for å få innlegget fremja, er meir som å skyte mot ein blink i mørket. Du kontrollerer ikkje Facebook-algoritmane og får ikkje styrt distribusjonen på same måte som du får når du betaler for å annonsere på Facebook.