Hopp til innhald

Fagstoff

Kampanjeplan for lansering av produkt

Ein kampanjeplan beskriv ei konsentrert satsing i ein avgrensa periode. Ein god kampanjeplan skaper samanheng og konsistens mellom ulike medieuttrykk som blir produsert og publisert i samanheng med kampanjen.
Reklame for Red Bull bak ein mann i smoking som held ein pokal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målet med ein kampanjeplan kan vere å skape merksemd rundt ei produktlansering, ei større messe, eit jubileum eller andre typar «events».

Det som skil kampanjeplanar frå ein meir overordna marknadsplan eller kommunikasjonsplan, er at kampanjar har eksakt startdato og sluttdato. Dei kan vare nokre få dagar eller veker. I denne perioden blir det gjerne sett inn mange marknadsføringstiltak på same tid i ulike mediekanalar for å oppnå ønskt resultat.

Kampanjeplanar er mindre opptekne av å analysere situasjonen i forkant og startar heller rett på gjeremåla.

Kampanjeplanen

Ein kampanjeplan inneheld gjerne følgjande punkt:

  1. Produkt: beskriving av kva for produkt du skal lage kampanje for
  2. Målgrupper: beskriving av kva for målgrupper kampanjen rettar seg mot
  3. Kampanjemål: beskriving av målsetjing for kampanjen
  4. Kommunikasjonsbodskap: beskriving av kva for bodskap som skal brukast for å nå fram til målgruppene
  5. Kommunikasjonskanalar: beskriving av kanalar (medium) som målgruppene kan nåast gjennom
  6. Aktivitetsplan: beskriving av kva for aktivitetar som skal setjast i verk for å nå måla, samt tidsplan og budsjett for kvar aktivitet

Kampanjeplanen blir planlagd så grundig som mogleg. Hugs å ta med argument for dei vala som blir gjorde. Til slutt kan planen setjast opp i ei oversikt som denne: Kampanjeplan for Digg-produkt frå Prior .

Eksempel på kanalar som blir brukte i reklamekampanjar

  • annonsering i trykte og nettbaserte medium

  • innlegg i sosiale medium

  • radioreklame

  • reklamefilmar og trailerar på kino, fjernsyn og nett

  • spesiell emballasje

  • lokkemiddel i form av tilleggsprodukt eller gevinstar

  • brosjyrar

  • reklameplakatar og foldarar

  • annonsedekor på bussar og drosjer

  • redaksjonell omtale – omdømebygging

Evaluering

Når planane er skriftleg dokumenterte, er det enklare å styre gjennomføringa og å vurdere resultata.

Kontrollspørsmål i etterkant kan for eksempel vere:

  1. Kva for resultat nådde vi?

  2. Korleis vart resultata samanlikna med det vi planla?

  3. Kva var årsaka/årsakene til avvik (positive og negative)?

  4. Kva kan vi lære av opplegg og resultat frå kampanjen?

Evalueringa har til føremål å finne ut korleis vi seinare kan forbetre oss, og avdekkje kva for erfaringar vi har gjort oss.

Kjelde

Birger M. Vikøren. Reklamekampanje. (2020, 26.november). Store norske leksikon. http://snl.no/reklamekampanje

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Kjell Rosland og Ragna Marie Tørdal. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Produksjon av marknadskommunikasjon