Fordelar og ulemper med ulike typar kommunikasjonskanalar
Det finst mange ulike kommunikasjonskanalar, og dei har alle sine fordelar og ulemper. Døme på slike kanalar – eller medium – er nettsider, sosiale medium, e-postannonsering, søkjemotorannonsering, TV, telefon, trykte medium og plakatar.
Når vi skal velje kommunikasjonskanal, må vi vurdere kva evne kanalen har til å overføre bodskapen. Vi ønskjer å velje det mediet som mest effektivt formidlar bodskapen vår til målgruppa vår. Med effektivt meiner vi både i form av best mogleg måloppnåing og lågast mogleg kostnad.
Oppgåve 1
Lag ein tabell med oversikt over nokre fordelar og ulemper med ulike kommunikasjonskanalar. Tabellen kan til dømes sjå slik ut:
Kanal | Fordelar | Ulemper |
---|---|---|
* | ||
* | ||
* | ||
* | ||
* | ||
* |
Oppgåve 2
Tenk dykk at Maarud skal i gang med ein kampanje for å lansere ein ny og sunnare type potetgull.
- Vurder fordelar og ulemper med bruk av ulike kanalar. Drøft kva kommunikasjonskanal de synest kjem «best» ut.
- Kva kanal meiner de er mest formålstenleg for Maarud å nytte seg av i lanseringa av det nye potetgullet?
- Synest de at Maarud bør nytte seg av fleire kommunikasjonskanalar? Grunngi.
Oppgåve 3
Tenk dykk at Maarud vurderer å nytte influensarar i marknadskommunikasjonen sin om det nye potetgullet.
- Skriv ned argument for og mot bruk av influensarar i kampanjen for det nye potetgullet.
- Har de nokre forslag til kva influensarar som Maarud eventuelt kunne ha samarbeidd med?