Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Marknadsfør ein musikkfestival

Ein lokal musikkfestival har bede klassen dykkar om å marknadsføre årets storhending.
Publikum står med hendene i vêret framfor scena mens Volbeat speler på Tons of Rock på Ekeberg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Førebuing

Arbeid i grupper på 3–4 elevar.

  • Definer målgruppa.

  • Vel kanalar, sjangrar og format for reklameuttrykka de vil lage.

  • Lag ein kampanjeplan.

  • Søk etter bilete og video, og bruk Pinterest til å finne døme på marknadskommunikasjon av ulike musikkfestivalar og festivalar, både nasjonalt og internasjonalt.

  • Les òg om korleis profesjonelle reklamebyrå har løyst kampanjar.

Relatert innhald

2) Køyr idémyldring

Vel nokre teknikkar for idéutvikling, og bli samde om kva som er unikt for festivalen, og om kva historie de skal fortelje.

Relatert innhald

Korleis kan dialog hjelpe oss i kreative prosessar? Vi følgjer studentar i eit samarbeid der dei skal designe ein kniv. Dei deler erfaringar og gode råd.

3) Produser medieuttrykk

Fordel arbeidet med skisser og produksjon av reklameuttrykk mellom dykk. De kan velje å lage annonsar, festivalplakatar, video- og lydreklame.

Tre gutar med briller smiler mot kameraet. Dei ber på videokamera og ein mikrofonbom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugs å planleggje arbeidsmengda etter tida de har sett av til prosjektet.

4) Vurder og evaluer undervegs

  • Vurder kampanjeplanen undervegs. Juster han om det er naudsynt.

  • Har reklameuttrykka de lagar, eit felles utgangspunkt? Har dei same rammeforteljinga? Uttrykkjer dei den same bodskapen?

  • Treffer de målgruppa?

  • Vil mottakarane av reklameuttrykka bli kjende med musikkfestivalen? Vil dei ønskje å vere publikummarar, kjøpe billett og få eit positivt inntrykk av festivalen?

  • Kor gode er de til å samarbeide med kvarandre?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2017

Læringsressursar

Produksjon av marknadskommunikasjon