Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Mitose i rotspiss av lauk

Hos fleircella organismar skjer mitose til kvar tid i heile kroppen og gjennom heile livet. I dette forsøket skal du studere mitose i rotspissen av ein lauk.
Biletkollasj som viser eit mikroskop og eit mikroskopbilete av ei celle frå mose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Bli kjend med korleis ulike celler deler seg. I dette forsøket skal du studere celledeling ved mitose. Klarer du å skilje dei ulike fasane frå kvarandre?

Tillaging av eige preparat

Utstyr

  • 50 ml eddiksyre (45 %)

  • etanol (70 %)

  • 1 gram orcein (fargepigment)

  • fersk lauk, laukplante eller bønnespirer

  • skalpell

  • objektglas

  • dekkglas

  • dropeteljar

  • filtrerpapir

Tillaging av fargeløysning

  1. Varm opp 50 ml eddiksyre (45 %) nesten til kokepunktet, og tilset 1 gram orcein.

  2. Rist løysninga godt, og avkjøl til romtemperatur.

  3. Filtrer løysninga. Sidan orcein er tungt oppløyseleg, kan det vere ein fordel med foldefilter. Du må filtrere 2–3 gonger før løysninga er klar til bruk.

    Løysninga er haldbar i eitt år i kjøleskåp, men må filtrerast før bruk.

Tillaging av preparat – mitose i rotspiss av lauk

  1. Du må ha ferske rotspissar. Viss lauken eller laukplanten ikkje har ferske røter, kan du plassere lauken i eit vassglas, slik at berre rota rører vassoverflata. I løpet av nokre dagar vil det vekse ut friske rotspissar.

  2. Vel ein oppsvulma, gul rotspiss.

  3. Skjer av 7–8 mm av den ytste rotspissen.

  4. Legg rotspissen på eit objektglas, og klem han flat.

  5. Tilset 3–4 dropar fargeløysning, og legg på dekkglas.

  6. Snu objektglaset på hovudet mot eit filtrerpapir, og klem godt med tommelfingeren, slik at overflødig farge blir trekt ut og cellene blir pressa flate. NB! Pass på at glaset ikkje sklir, og at du ikkje pressar så hardt at du knuser dekkglaset.

  7. Lat preparatet kvile nokre minutt, slik at fargen får sett seg på kromosoma.

Studer celledeling ved mitose

Alle stadium av mitose i ein plantecelle. Animasjon.
  1. Sjå på preparatet under mikroskopet med låg forstørring. Det er berre i det ytste laget av rotspissen du finn celledeling. Auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    • Kan du sjå nokon kromosom?

    • Klarer du å finne nokon celler i deling?

    • Kan du sjå ulike fasar av celledelinga? Finn så mange fasar du kan.

  2. Ta bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Resultat og spørsmål

  • Set saman ein biletserie av dei ulike celledelingsfasane du har observert. Til kvart bilete skriv du ein kort tekst som beskriv hovudtrekka ved kva som skjer i kvar fase.

  • Kva celletypar blir danna ved mitose?

  • Forklar forskjellen på mitose og meiose.

  • Blir det fleire eller større celler når ein organisme veks? Forklar kva som skjer med cellene når ulike organismar, som dyr og plantar, veks.

  • Deler alle celler seg like ofte?

  • Drøft påstanden: Celledeling er det same som celleauke.

Relatert innhald

Mitose er den vanlegaste forma for celledeling. Ved mitose blir det danna to nye celler med identisk arvestoff (DNA).

CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO, Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 31.08.2021

Læringsressursar

Gen blir arva og endra