Hopp til innhald

Fagstoff

Kodominant, intermediær og recessiv arv

Gen blir arva uforandra, men verknaden av dei blir ikkje alltid synleg. Ei genutgåve kan verke dominant, recessivt, intermediært ("midt imellom") eller kodominant ("både og").
Ein kvit albinoelg kryssar ein grusveg i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intermediær arv / ufullstendig dominans

Kryssingsskjema for raude og kvite blomstrar som får rosa avkom. Ein raud blomster (AA) og ein kvit blomster (aa) har fire avkom, som alle er rosa (Aa). Illustrasjon.

Når foreldre som er for ein eigenskap, får avkom som har ein mellomting av foreldra sine eigenskapar, seier vi at arvegangen er intermediær eller ufullstendig dominant.

Eit klassisk døme på intermediær arv finn vi hos ein plante som heiter prydløvemunn. Når plantar med raude og kvite blomstrar blir kryssa, får alle plantane i neste generasjon rosa blomstrar. Avkomet er heterozygote for den eigenskapen og får altså ein mellomting av foreldra sine eigenskapar.

Kodominans

Ullfargen med kvite og svarte flekkar hos sau kjem av at sauane har arv for både kvit og svart ullfarge. Her har to kvite sauar med svarte flekkar (AB og AB) fått fire avkom: éin heilt kvit (AA), to kvite med svarte flekkar (AB) og éin heilt svart (BB). Illustrasjon.

Nokre gonger vil organismar som er heterozygote for ein eigenskap, vise begge . Dette blir kalla kodominans og gjeld til dømes ullfargen hos sau og blodtype AB. Dersom begge sauane som blir kryssa, har arv for lys og mørk ull, blir kryssingsskjemaet som på biletet. Sannsynet blir 1/4 lys ull, 2/4 blanding og 1/4 mørk ull.

Blodtypar i AB0-systemet – kodominans

Fire ulike blodtypar: A, B, AB og 0. Illustrasjon.

Genet som bestemmer kva slags blodtype vi har, har tre moglege allel: A, B og 0. Vi arvar evna til å lage blodtypar frå både mor og far, og dei moglege kombinasjonane av allel i genparet er genotypane 00, A0, B0, AA, BB og AB. Desse allela i eit genpar ligg på same stad i kvart sitt kromosom. Det eine kromosomet i eit kromosompar kjem frå mor, og det andre frå far.

Kryssingsskjema som viser kodominans for blodtypar: Ein mann med blodtype A0 og ei kvinne med blodtype B0 får fire barn. Dei har blodtypane A0, AB, B0 og 00. Illustrasjon.

Viss vi arvar genotype A0 eller AA, har vi i begge tilfelle blodtype A, fordi verknaden av A overskyggjer verknaden av 0. På same måte blir både B0 og BB til blodtype B.
Allela A og B er like dominante og blir uttrykte like sterkt, mens allelet 0 er recessivt (vikande). Blodtypane blir derfor 0, A, B og AB i AB0-systemet.

Dersom eit individ har både allel A og B, altså genotype AB, blir fenotypen også AB (både blodtype A og B er til stades samtidig). Dette blir kalla kodominans.
Dei som har blodtype AB, har overflateprotein av både type A og B på dei raude blodlekamane, mens blodtype 0 er utan desse overflateproteina. Dette kan du lese meir om under Blodtypar og blodoverføring.

Blodtypar

Blodtype

A

B

AB

0

Del i den norske befolkninga49 %8 %4 %39 %
AllelerAA, A0BB, B0AB0

Recessiv arv

Nokre kjem berre til uttrykk som ein spesiell eigenskap dersom ein er homozygot for genet. Ein må altså ha fått det recessive genet frå begge foreldra sine for å få den recessive eigenskapen.
Døme på dette er grøne erter, kvit prydløvemunn, blodtype null (0), lyseblå auge og å vere albino, som den kvite elgen på biletet øvst.

Eit allel kan verke dominant, recessivt, ufullstendig dominant (intermediært / "midt imellom") eller kodominant ("både og", som blodtype AB).

Relatert innhald

I dette forsøket skal du avgjere blodtypen ved hjelp av anti A- og anti B-serum og lære om korleis antistoff og antigen reagerer med kvarandre.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2023

Læringsressursar

Gen blir arva og endra