Forsøk: Mutasjonar med kortstokk - Naturfag (PB) - NDLA

Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Mutasjonar med kortstokk

Her skal du bruke ein kortstokk for å illustrere ei tilfeldig rekkefølge av basar i DNA.

Utstyr

  • Den genetiske kode

  • kortstokk: (ta ut kløver 2 slik at det er 51 kort i stokken, altså 17x3). Korta representerer basane i DNA, slik: spar = A, hjarte = T, ruter = C og kløver = G.

Framgangsmåte

  1. Stokk korta og legg dei etter kvarandre. Omset rekkefølgja av korta til baserekkefølgja i DNA, som du skriv ned, som triplettar, i ein tabell slik den du ser nedanfor.
  2. Bruk baserekkefølgja i DNA til å finne dei komplementære basane som blir i m-RNA.
    I DNA: Adenin bind seg til tymin, og cytosin bind seg til guanin.
    I RNA: Adenin bind seg til urasil, og cytosin bind seg til guanin.
  3. Bruk den genetiske koden og finn rekkefølgja av aminosyrene i proteinet etter baserekkefølgja i m-RNA (17 aminosyrer). Skriv ned rekka med aminosyrer i tabellen.
  4. Mutasjon:For å studere kor dramatiske forandringar som kan oppstå i eit protein når det skjer forandringar i DNA, kan du gjere følgjande: Hald fram med dei korta du la ut i punkt 1 og fjern ruter 5 frå plassen sin. Gjer deretter punkta 2 - 3 om igjen. Dette tilsvarer den typen mutasjon som vi kallar baseutfall.
  5. Vurder korleis endringane i proteinet blir påverka av kor i genet baseutfallet skjer.
  6. Legg ruter 5 attende på sin opprinnelege plass og erstatt dette kortet med kløver 2. Denne forandringa kallar vi punktmutasjon. Vis kva for endringar som oppstår i m-RNA og eventuelt i proteinet.

Resultat

Før opp resultata dine i ein tabell som den du ser nedanfor.

Drøfting

  1. Kva for konsekvensar fekk dei eventuelle endringane som skjedde i baserekkefølgja for proteinet ditt i oppgåve 4?
  2. Kva kan skje dersom eit protein får endra rekkefølgja av aminosyrene det består av?
  3. Kva for følgjer fekk punktmutasjonen i oppgåve 6 for proteinet ditt?

Tabell

Lag ein tabell som denne, men med plass til 17 triplettar.

Triplett

DNA

mRNA

Aminosyre

1

2

3

:

:

16

17

Skrive av Bjørg E. B. Aurebekk.
Sist fagleg oppdatert 24.01.2019