Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Høyr deg sjølv – Gen blir arva og endra

Desse oppgåvene er tenkte til munnleg trening og repetisjon. Forslag til fasit finn du nedst på sida.

Oppgåver

  1. Kva har størst betydning for utviklinga av eigenskapane våre – arv eller miljø?
  2. Kor stor del av arvmaterialet vårt er gen, altså oppskrift på protein?
  3. Kva er epigenetikk?
  4. Kva er skilnaden på mitose og meiose?
  5. Kvar skjer mitose og meiose?
  6. Kva er overkryssing?
  7. Når det blir danna kjønnsceller i kroppen din, vil dei då innehalde like mykje arv frå mor di som frå far din?
  8. Når det blir danna kjønnsceller i kroppen din, vil dei då innehalde like mykje arv frå kvar av besteforeldra dine?
  9. Er mutasjonar alltid skadelege og merkbare hos individet?
  10. Kva er eit allel?
  11. Kva blir konsekvensen av at det finst mange alternative allel til eit gen?
  12. Kva er dominant arvegang?
  13. Kva betyr genotype?
  14. Kva betyr fenotype?
  15. Kan to individ med ulike genotypar for ein eigenskap ha like fenotypar for denne eigenskapen?
  16. Gi eit døme på intermediær arvegang.
  17. Beskriv arvegangen vi kallar kodominans.
  18. Kva er skilnaden på recessiv arvegang og kjønnsbunden recessiv arvegang?
Forslag til fasit
  1. Eigenskapane våre er produkt av både arv og miljø. Eigenskapane våre er i større eller mindre grad arvelege, men dei er modifiserte av miljøet. Kor stor betydning miljøet har, varierer litt frå eigenskap til eigenskap.
  2. Under 2 prosent av DNA-et vårt er gen som kodar for protein.
  3. Epigenetikk er vitskapen om arvelege, reversible endringar i måten gena blir brukte på, utan at DNA-et endrar seg.
  4. Mitosen (vanleg celledeling) endar opp med to kopiar av morcella, medan meiosen (kjønnscelledeling) endar opp med fire kjønnsceller med halvt kromosomtal.
  5. Mitose skjer i alle kroppsceller med få unntak. Meiose skjer i kjønnskjertlane (testiklar og eggstokkar).
  6. Overkryssing gir rekombinasjon av gen. Kromosoma i eit par kan byte nokre gen mens dei er stilte opp parvis. Når dei ligg tett inntil kvarandre, kan DNA-fragment byte plass. Denne bytinga sikrar at ingen kjønnsceller blir identiske. Slik blir gena stadig kombinerte på nye måtar, noko som sørgjer for større genetisk variasjon blant avkoma.
  7. Ja.
  8. Nei.
  9. Nei, dei fleste mutasjonar blir reparerte av kroppens eigne reparasjonssystem, og svært mange mutasjonar har inga betydning for individet.
  10. Allel er variantar av same gen (arveanlegg) med ein bestemt plass (locus) på kromosomet. Når det gjeld augefarge, har vi allel for blå og brun.
  11. Fleire allel gir større variasjonar i fenotypen (eigenskapen som blir vist).
  12. Viss du har arva eit dominant allel (gen) frå ein av foreldra, så får du eigenskapen. Det dominante allelet vil overstyre verknaden frå det andre, recessive allelet i genparet.
  13. Genotype er eit individs genutgåver, eller gensamansetjinga til eit individ. Ein kan òg snakke om genotypen for ein bestemt eigenskap, til dømes bb for blå auge.
  14. Fenotype er dei trekka og eigenskapane som ein organisme har.
  15. Ja, to individ med ulike genotypar for ein eigenskap kan ha like fenotypar for den same eigenskapen.
    Til dømes gir både Bb og BB brune auge.
  16. Eit døme på intermediær arvegang er kryssing mellom ein raud og ein kvit blome (prydløvemunn), som gir rosa avkom. Avkomet får eigenskapar som er ein mellomting mellom eigenskapane til foreldra.
  17. Når heterozygote viser begge fenotypar, heiter det kodominans. Dette gjeld til dømes genotypen blodtype AB, der allela A og B er like dominante og blir like sterkt uttrykte.
  18. Recessiv arvegang er når eigenskapen kjem til syne berre når genet finst i dobbel dose (på begge kromosoma). Kjønnsbunden recessiv arvegang er når dei recessive allela sit på X-kromosomet. Sidan gutar berre har eitt X-kromosom, vil dei få denne recessive eigenskapen.
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 16.08.2020

Læringsressursar

Gen blir arva og endra