Hopp til innhald

Fagstoff

Blodtypar og blodoverføring

Dei tre allela som fastset blodtypen, er A, B og 0 (null). Antigena på overflata til blodcellene er i små proteinstrukturar. Overføring av feil blodtype kan skape ein livstruande situasjon.
Skjematisk teikning av blodlegem og antistoff som har klumpa seg saman. Illustrasjon.

Forklaring til tabellen

Skjemaet viser forenkla modellar av raude blodlekamar og antistoff i AB0-systemet. Dei tre allela som fastset blodtypen, er A, B og 0 (null). Antigena på overflata til blodcellene er i verkelegheita små proteinstrukturar, men vi har valt å teikne store antigen som A og B for å gjere forskjellen tydeleg.

Om ein pasient får overført ein blodtype som han har antistoff mot, vil blodet klumpe seg (agglutinere). Overføring av feil blodtype kan derfor skape ein livstruande situasjon.

Blodtypar og blodoverføring

Blodtype

Genotyp

Raude blodlekamar

Antistoff i serum

Kan få blod frå

Kan gi blod til

A

AA eller A0

Raud blodcelle med A på overflata. Illustrasjon.
Antistoff som bind seg til overflata på blodceller type B. Illustrasjon.

A og 0

A og AB

B

BB eller B0

Raud blodcelle med B på overflata. Illustrasjon.
Antistoff som bind seg til antigen. Illustrasjon.

B og 0

B og AB

AB

AB

Raud blodcelle med A og B på overflata. Illustrasjon.

ingen

Alle

AB

0

00

Blodcelle med glatt overflate. Illustrasjon.
Antistoff som bind seg til antigen. Illustrasjon.

0

Alle

Relatert innhald

I dette forsøket skal du avgjere blodtypen ved hjelp av anti A- og anti B-serum og lære om korleis antistoff og antigen reagerer med kvarandre.

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Gen blir arva og endra