Kva er marknadsføring?
Tenkte du på reklame, og kanskje sal, då du skulle tenke på ordet marknadsføring? Det er vanleg å tenke på sal og reklame i denne samanhengen, og sjølvsagt er sal og reklame ein del av marknadsføringa. Men marknadsføringsomgrepet og marknadsføringsfunksjonen inneheld så veldig mykje meir.
Marknadsføring omfattar alle dei aktivitetane som bidreg til å skape, formidle og levere varer, tenester og idéar som har verdi for kundar og samfunnet samla sett.
Marknadsføring handlar om å forstå og dekke behov i marknaden. Marknadsføring dreier seg altså om meir enn sal og reklame, og ein viktig del av det å planlegge og gjennomføre marknadsføring er å skape verdi. Dette kan til dømes handle om å utvikle meir berekraftige produkt. Vi kan seie at eit viktig stikkord i marknadsføring er å skape verdi for kundar og samfunnet samla sett. Ein kort definisjon på marknadsføring er at marknadsføring "oppfyller behov på ein lønnsam måte".
American Marketing Association har denne definisjonen på marknadsføring:
Marknadsføring er dei aktivitetane, det settet av institusjonar og prosessar som inngår i å skape, formidle, levere og utveksle tilbod som er av verdi for kundar, klientar, partnarar og samfunnet som heilskap.
I filmen nedanfor forklarer Nina Vogt frå Handelshøyskolen BI nokre prinsipp innanfor marknadsføring.
Marknadsføring omfattar mange ulike tema. Dei såkalla konkurransemidla er viktige. Konkurransemiddel er strategiske verkemiddel som verksemder bruker for å posisjonere seg i marknaden.
Måten ei verksemd bruker og kombinerer konkurransemidla på, blir kalla marknadsmiks. Konkurransemidla blir i nokre samahengar òg omtalte som fire p-ar. Vi deler dei inn i:
- produkt
- pris
- distribusjon (plass)
- marknadskommunikasjon (påverknad)
Personalet blir i nokre samanhengar omtalt som den femte og siste p-en i rekka av konkurransemiddel.
I animasjonsfilmen nedanfor får vi ei innføring i konkurransemidla. Vi får eit innblikk i kvifor konkurransemidla er sentrale i marknadsføringssamanheng, og korleis dei ulike konkurransemidla heng saman.
Vi kan seie at god marknadsføring bidreg til å utvikle og forbetre produkt og tenester som folk treng, for produktutvikling er òg ein del av marknadsføring. God marknadsføring bidreg òg til berekraftig verdiskaping, sidan det å utvikle betre og meir berekraftige produkt er ein viktig del av marknadsføringa. God marknadsføring skal òg sørge for god informasjon, slik at forbrukarar kan ta gode forbruksavgjerder.
Ein viktig del av det å skape verdi er vektlegging av berekraftig utvikling. I marknadsføring er det viktig å vurdere etiske og ansvarlege val for verksemder, med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold.
Marknadsføringskunnskap kan vere avgjerande for å rettleie og styre viktig innovasjonsarbeid og teknologiutvikling. Dette kan bidra til økonomisk vekst og internasjonal konkurransekraft, som igjen kan vere med på å sikre og utvikle nye arbeidsplassar. På den måten kan vi seie at marknadsføring er viktig for å skape verdi for kundar og samfunnet samla sett.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal de lage ein film som gir ei forklaring av kva som blir meint med marknadsføring.
I denne oppgåva skal de lage ein presentasjon om ein eller fleire verksemder som de meiner lykkast med marknadsføring.