Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Marknadsstrategiske vurderingar – Dyreparken i Kristiansand

Dyreparken i Kristiansand ønskjer å ta vare på den sterke posisjonen dei har som turistattraksjon. God marknadsstrategi og marknadsplanlegging er derfor viktig. I denne oppgåva skal du vurdere Dyreparken si merkevarebygging og utforske ulike marknadsstrategiar.

Nettsida til Dyreparken i Kristiansand.

Oppgåve 1

Sjå videoen ovanfor, og noter ned viktig informasjon undervegs.

Oppgåve 2

I videoen seier marknads- og kommunikasjonsdirektøren: "Vi er meir enn berre ein park. Vi er ein destinasjon."

Når ein reiselivsdestinasjon tilbyr både overnatting, servering, attraksjonar og transport, kallar vi det eit heilskapleg reiselivsprodukt.

  1. Beskriv Dyreparken i Kristiansand som eit heilskapleg reiselivsprodukt.

  2. Forklar kva som blir meint med produkt som konkurransemiddel. Gi døme på korleis Dyreparken nyttar dette konkurransemiddelet.

Oppgåve 3

Forklar omgrepa, og bruk gjerne døme frå Dyreparken i forklaringa di:

  • marknadsstrategi

  • marknadsmiks

  • marknadssegmentering

  • målgruppe

  • konkurransemiddel

  • merkevarebygging

Illustrasjon som viser logoen til Kristiansand Dyrepark.

Oppgåve 4

  1. Kva kjenneteiknar merkevara "Dyreparken i Kristiansand"?

  2. Beskriv og vurder Dyreparken sitt arbeid med merkevarebygging.

Oppgåve 5

Konkurransemiddel er strategiske verkemiddel som bedrifter nyttar for å posisjonere seg i marknaden. Desse blir òg kalla dei fem P-ar, som står for produkt, pris, påverknad (marknadskommunikasjon), plass (distribusjon) og personale.

  1. Utforsk og vurder korleis Dyreparken i Kristiansand nyttar ulike konkurransemiddel. Vis til konkrete døme for samansetninga og bruken av konkurransemidla.

  2. Kva konkurransemiddel meiner du Dyreparken legg mest vekt på? Grunngi svaret, og vis til konkrete døme.

  3. Utforsk ulike som Dyreparken kan nytte i tida framover.

  4. Lag ein presentasjon eller skriv ein tekst som du kallar "Dyreparken i Kristiansand sin marknadsstrategi".

Oppgåve 6

Dyreparken opna dørene for første gong 25. juni 1966. Gjennom åra har parken utvikla seg til å bli ein av Noregs største turistattraksjonar, med over éin million besøkjande årleg.

Kristiansand Dyrepark er opptekne av å tenkje nytt og innovativt, og dei jobbar kontinuerleg med å utvikle og satse på nye konsept. Dyreparken har mellom anna teke i bruk ny teknologi. I videoen under blir Dyreparken omtalt som den mest digitaliserte temaparken i verda.

Kort samandrag av videoen

I videoen får vi eit innblikk i korleis Dyreparken i Kristiansand nyttar ny, innovativ teknologi for bestillingar og betalingar ved besøk i parken.

Videoen under gir ein liten presentasjon av Dyreparken sin app.

Kort samandrag av videoen

Videoen viser den nye appen til Dyreparken og korleis du kan bruke appen til å planleggje ein dag i parken. Vi får sjå ulike funksjonar i appen, som korleis du registrerer deg og aktiverer stadtenester. Vidare får vi sjå at appen gir deg enkel tilgang til billettane dine og har ein enkel og oversiktleg meny. Appen har òg eit innebygd kart, og du kan velje dine favorittar blant attraksjonane og få relevant informasjon om desse mens du er i parken.

Dyreparken har plassert ut cirka 200 beacons i parken for å kunne tilpasse opplevinga til kvar enkelt gjest. Ein beacon er ein sendar som er kopla til ein app. Med denne kan gjestane i Dyreparken få meldingar om ekstra opplevingar og aktivitetar i parken. Eit døme er at ein gjest kan få varsel på telefonen med meldinga: "Hei! Vi skal straks fôre tigrane. Det står ikkje på programmet, men du er hjarteleg velkommen."

Fotografi som viser ein indisk tiger i ein dyrehage.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Trur du at alle i målgruppa til Dyreparken er fortrulege med parken sine digitaliserte tenester? Diskuter med ein medelev.

  2. Drøft fordelar og ulemper med bruk av ny teknologi for Dyreparken i Kristiansand.

Lytt til podkast om Dyreparken sin bruk av beacons

Du kan høyre meir om korleis ein kan nytte beacons for å tilpasse opplevinga til kvar enkelt gjest i podkasten "Bruker beacons for å skape fremtidens dyrepark (Teknologi. Av og for mennesker)". I podkasten snakkar Anniken Bjørnstad Schjøtt, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Dyreparken, og Svein Mork Dal, rådgivar i Agder Innovasjon, om innovasjon og bruk av teknologi.

Oppgåve 7

Korleis ser du føre deg Dyreparken i Kristiansand i framtida? Tenk kreativt, og beskriv nokre konkrete idéar, og teikn gjerne nokre skisser for å illustrere.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer