Kjende og sterke merkevarer
Ei sterk merkevare kan gjere det enklare å få selt produkt. Merkevareidentiteten gjer produktet synleg og bidreg til at du vel dette produktet framfor eit mindre kjent produkt.
Oppgåve 1
Interbrand er eit konsulentfirma som årleg publiserer ei oversikt over dei mest verdifulle merkevarene i verda. Gå inn på oversikta over dei 100 mest verdifulle merka i verda og finn svaret på følgjande:
- Kva for eit merke er vurdert som den mest verdifulle merkevara i verda?
- Kva bransje har flest merkevarer blant topp 10?
- På kva plass kom Facebook?
- Kva matkjede kom høgast på lista?
- På kva plass kom høvesvis Coca-Cola og Pepsi?
- Kvifor trur du produkta har så ulik plassering når dei har omtrent like eigenskapar, lik pris, distribusjon og emballasje?
- Kva for nokre skandinaviske merkevarer finn du i oversikta?
- Kor mange av merkevarene kjenner du til?
Oppgåve 2
- Kva søkjemotor bruker du?
- Kvifor bruker du denne søkjemotoren?
- Er det andre faktorar enn funksjonalitet som påverkar valet ditt?
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 19.06.2019