Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Merkevarebygging og marknadsstrategi for Stil.li

I denne oppgåva skal de ta utgangspunkt i ei tenkt bedrift innanfor klesbransjen, og vurdere og gi råd om merkevarebygginga og marknadsstrategien til bedrifta.
Ei kul, ung dame med solbriller held opp og peiker på ein handlepose frå Stil.li. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1

  1. Tenk ut ein idé til ei ny bedrift innanfor klesbransjen. Bruk gjerne Stil.li som namn på bedrifta.

  2. Beskriv den nye bedrifta. Skal ho ha ein fysisk butikk og/eller ein nettbutikk? Kva typar produkt skal bedrifta tilby?

Del 2

Å gjere merkevara kjend er det viktigaste i merkevarebygginga. Val av namn, logo og slagord kan vere viktig for å skape assosiasjonar til merkevara.

  1. Vurder og diskuter om de vil behalde merkenamnet Stil.li. Vel eventuelt eit nytt merkenamn, og grunngi valet.

  2. Lag eit forslag til eit slagord. Vurder om det er føremålstenleg å bruke eit slikt slagord.

  3. Lag eit forslag til ein logo. Gjer greie for utforminga av logoen.

Forslag til verktøy de kan bruke for å lage ein logo

Canva

DesignEvo

Logaster

Wix

Del 3

Utforsk og vurder ulike marknadsstrategiar som Stil.li kan bruke. Vis til konkrete døme, og svar på følgjande spørsmål:

  1. For å kunne tilpasse konkurransemidla best mogleg er det lurt å ta utgangspunkt i ei realistisk målgruppe. Kva for målgruppe eller målgrupper meiner de Stil.li bør satse på? Beskriv målgruppa eller målgruppene, og grunngi valet.

  2. Korleis kan Stil.li kombinere ulike konkurransemiddel? Vis konkrete døme på korleis Stil.li kan bruke konkurransemidla.

  3. Kva for konkurransemiddel meiner de Stil.li bør leggje mest vekt på? Grunngi svaret.

Del 4

Nokre negative sider ved klesbransjen

Billigmoten kan seiast å vere vår nye "junk food". Klede er billigare enn nokon gong. Det enorme forbruket av klede er ikkje berre ei miljøbombe, men det har òg ført til at mange tekstilarbeidarar over heile verda lever på luseløn. Mange plagg kostar det same som ei pølse og ein cola.

Ifølgje tal frå SIFO har nordmenn i gjennomsnitt 359 plagg i klesskapet. Kvart femte plagg blir sjeldan eller aldri brukt, og vi kastar i snitt 23 kilo klede kvart år. Den låge prisen er ei viktig årsak til at vi kjøper og kastar så mykje. Denne måten å forbruke klede på skadar både oss sjølve og miljøet.

  1. På kva måte fokuserer bedrifta dykkar på berekraftig utvikling? Drøft og grunngi svaret.

  2. Er vala de har teke for korleis de bruker konkurransemidlane, berekraftige? Viss ikkje, er det noko de vil justere eller endre på? Gjer eventuelle justeringar og endringar.

Del 5

Lag ein presentasjon av bedrifta som de presenterer for klassa.

Tips til læraren
  • La gjerne elevane jobbe i par.

  • Elevane kan presentere oppgåvene sine for klassa.

  • Ha gjerne ein diskusjon om oppgåvene i klassa til slutt.

Kjelder

Senneset, I. (2019, 1. juli). FN-rapport: Klesindustrien står for større utslipp enn fly og skip. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/norge/i/9vre8d/fn-rapport-klesindustrien-staar-for-stoerre-utslipp-enn-fly-og-skip

Relatert innhald

Merkevarebygging handlar om å skape kjennskap til merkevara. Merkevarer tilfredsstiller emosjonelle behov i tillegg til funksjonelle behov.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2021

Læringsressursar

Marknadsstrategiar og merkevarer