Hopp til innhald
Oppgåve

Konkurransefortrinn

Kva ligg i omgrepet konkurransefortrinn, og kva er det som gjer Noreg unikt som reisemål?

Oppgåve 1

  • Drøft kva de forstår med konkurransefortrinn generelt og i reiselivet spesielt. Grunngi svara.

Hjelpespørsmål:

  • Er det viktig å vere unik, best, størst, eller held det å vere god?

Oppgåve 2

Diskuter og grunngi:

  • Korleis kan Noreg verke forlokkande på tyskarar, kinesarar, japanarar, russarar, britar og amerikanarar?
  • Kva for nokre nasjonale konkurransefortrinn har norsk reiseliv i internasjonale marknader?
  • Treng eit reisemål å ha unike kvalitetar for å tiltrekkje seg turistar?
  • Kva er eigentleg unikt med Noreg som turistland?