Hopp til innhald

Drikkevarer

Mat og drikke heng nøye saman. Ein god drikk som passar til maten, kan løfte heile måltidsopplevinga. I dette emnet vil du lære om produksjonsmetodar, bruksområde og tillaging av ulike drikkevarer.

Alkoholfritt

På alle stader og arrangement der det blir selt alkohol, skal gjestane òg ha tilbod om alkoholfrie alternativ. Det finst i dag eit breitt utval av alkoholfrie drikkar på marknaden. Mange småskalaprodusentar i Noreg sel gode produkt laga på lokale råvarer.